«Uryddig prosess i oppvekstsektoren»

Av
DEL

MEININGAR10. mars, dagar før «korona-bomba» slo ned og tok det meste av fokus, stod ei temmeleg ukritisk gladmelding å lesa i Grenda: «Etter dialog med foreldra har kommunedirektøren og oppvekstsjefen funne midlar til ei ekstra lærarstilling på Mauranger skule». Som foreldre ved Mauranger skule var dette provoserande å lesa, og me vil gjerne leggja fram korleis me har opplevd denne prosessen.

Dette har vore ein vanskeleg vinter å vera foreldre i Mauranger. På den vesle bygdeskulen vår har dyktige og profesjonelle lærarar sørga for at kvardagen har gått sin gang, og me har prøvd å ta vare på tryggleiken ungane har for framtida. Samstundes har me foreldre kjempa ein nærast kontinuerleg kamp mot ein kommuneadministrasjon som nektar å gje oss pusterom.

Me har kjempa for skulen vår mange gonger før. Slik er det i ein omfangsrik kommune med mange små bygder, det er mange omsyn å ta. Me har meint at full drift på Mauranger skule var det pedagogisk og sosialt beste alternativet for ungane våre, og fekk medhald i dette synet då førre skulebruksplan var oppe. Slik fungerer lokaldemokratiet: Forslag vert utarbeidd, kjem på offentleg høyring og vert avgjort av folkevalde politikarar. Administrasjonen sin jobb er å omsetja vedtaka i praksis. Let ikkje det seg gjennomføra innan rammene dei har, må dei gå tilbake til politikarane.

Slik fungerer det openbert ikkje i Kvinnherad kommune. Der vel administrasjonen, ved oppvekstsjef og kommunedirektør, å ta kampen direkte med foreldra på ein liten bygdeskule. Først med eit kutt som er så vanvittig at me ikkje har klart å finna ein einaste skule i Noreg som har eit i nærleiken like dårleg tilbod. Medan det gjennomsnittlege kuttet i sektoren var på 2,7 %, ville dei kutta 50 % på haustsemesteret hos oss. Halvparten av ressursane, fjerna utan politisk innblanding. Femten elevar spreidde på sju klassesteg i eitt rom, med éin lærar. Me blir fortalt at det ikkje finst pengar å ta av i sektoren. Viss det stemmer, at dette faktisk er det generelle nivået på Kvinnherad-skulen, då bruker Kvinnherad kommune for lite pengar på skule.

Då foreldra ikkje bukka under for presset, følgde veke etter veke med trenering, ingen klåre svar, og nye forslag om nedlegging av halve skulen. Sjølvsagt med bortforklaringar om at det eigentleg ikkje var nedlegging det var snakk om, men meir ei slags overføring av halve skulen til Rosendal. Me fekk også formaningar om kor pedagogisk og sosialt uheldig det er å gå på ein liten skule, med lærarane frå vår vesle skule til stades.

Det som skjedde i mars, var at delar av det som vart teke vekk vart tilbakeført. Dette er det administrasjonen legg fram som at dei har gitt oss ei ekstra lærarstilling. Det manglar mindre enn ei halv stilling på det rektor har sagt at er naudsynt. Det er ein stor prosent for ein så liten skule. For sektoren er det ein promille av budsjettet. Lærarane har klart å sy saman ein skulekvardag som me trur skal henga saman nokolunde dersom ingenting uføresett skjer. Men det er eit eksperiment, for dette ressursnivået er det ingen som har prøvd å driva skule på før. Me foreldre orkar ikkje meir, og har godteke forslaget. Me stolar på lærarane, som gjer ein fantastisk jobb med dei marginale ressursane dei har.

No kjem ny skulebruksplan på høyring, og me kan få ein ryddig, demokratisk prosess. Me vonar og trur at politikarane har fått med seg korleis me har opplevd prosessen i vinter, og at me no kan bli høyrde i våre innspel om framtida til Mauranger Oppvekstsenter.

FAU ved Mauranger Oppvekstsenter

29.05.20

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags