Usemje om kven som har rett på Fjelberg Kraftlag sine aksjar i Kvinnherad Breiband ved samanslåinga

I ei juridisk vurdering kommunen har bestilt, får den medhald i at Kvinnherad Energi har forkjøpsrett til aksjane i Kvinnherad Breiband ved samanslåinga mellom Fjelberg Kraftlag og Haugaland Kraft. Styreleiar i Fjelberg Kraftlag, Sverre Olav Handeland, er usamd i vurderinga, og utelukkar ikkje at ei eventuell hevding av forkjøpsretten vil kunna bli prøvd i retten.