Gamle heltar møtest til dyst

1. mai: Sjå naboduellen mellom tidlegare Uskedalen- og Rosendal-stjerner direkte på Kvinnheringen.no frå kl. 13.00!

Artikkelen er over 1 år gammel

1. mai blir ein stordag i Uskedalen, med morosame aktivitetar som fotballkamp mellom gamle storspelarar, fylkesmeisterskap i Tarzan-tikken og hurtigløp med barnevogn.

DEL

I Uskedalen har det lenge vore arbeidd både med klatrepark, kunstgrasbane, asfalterte stiar og treningsapparat gjennom «Gull av grus»-prosjektet. Arbeidet som er gjort skal no markerast med ein stor fest i bygda tysdag 1. mai.

Bjørn Olav Tveit er med på arrangørsida, og kan fortelja at det heile byrjar med at G13-fotballaget i bygda skal arrangera sykkelrebus rundt dalen. Sidan skal det gå slag i slag. Det vil blant anna bli ein spesiell fotballkamp, der tidlegare a-lagsspelarar i Uskedalen som spelte fotball på 90-talet, møter tidlegare Rosendal-spelarar som spelte same tiåret.

Tveit reknar med det blir ein kamp på ekstremt høgt nivå. Frå Uskedalen kan han nemna stjerner som Bjørn Egil Haugland, Kjell Erik Taranger, Stig Berge Soldal, Tommy Eidsvik (blir som vanleg stasjonær i midtsirkelen) og han sjølv.

Frå Rosendal kan vi mellom anna venta oss storspelarar som Romar Skeie Olsen, Erlend Bøyum, Geir Underhaug, Bjarte Solheim, Kosom Skaale, Jostein Skaale, Frank Christer Steffensen og Halvard Enes. Kampen kan du faktisk sjå direktesendt på kvinnheringen.no!

Meisterskap

Etter dette blir det «Vestlandsmeisterskap i Tarzan-tikken».

– Tarzan-tikken er den kjekkaste forma for tikken! Vestlandsmeisterskapen skjer i klatreparken, og det er ikkje lov å vera nedi bakken. Tikken skjer etter eit mønster der éin person til slutt skal stå igjen og kårast til meister. Det blir veldig stas, og ryktet seier at ordføraren skal delta! Det skal eg òg, og det reknar eg med blir lett match, ler Tveit.

Vidare vert det opplæring på treningsapparat, og hurtigløp med barnevogn.

– Eg garanterer ein knalldag, seier Bjørn Olav Tveit.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags