Sjekk det koselege mini-biblioteket!

Dette nye mini-biblioteket står no på Sandakaien. (Foto: Thor Inge Døssland/Uskedalen.no).

Dette nye mini-biblioteket står no på Sandakaien. (Foto: Thor Inge Døssland/Uskedalen.no).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det aukar stadig på med nye aktivitetar og tilbod på Sandakaien i Uskedalen, nedanfor Spar-butikken.  For ikkje lenge sidan vart det opna «petanquebane» og ute-sjakk der, og no er det jammen kome eit mini-bibliotek på plass. Alt er til gratis bruk for både fastbuande og tilreisande, og det er eigarane Spar Uskedalen som står bak også dette tilbodet, skriv Uskedalen.no. Biblioteket er bygd opp av eit byggjesett som er kjøpt på Byggeriet.  Det er Geir Harald Nilsen og Sigurd Børve som har stått for montering og maling, og fargane er sjølvsagt «Spar-fargane» raudt og grønt. «Her kan du kosa deg med nytt lesestoff.  Har du bøker som du har lest ut?  Dei er det mange andre som kan ha gode stunder med» står det på plakaten som er sett opp.

Artikkeltags