Smell i Uskedalen

Denne bilen snurra rundt, og blei treft bak av ein bil som kom køyrande frå Uskedalen og innover mot Husnes. (Foto: Thor Inge Døssland).

Denne bilen snurra rundt, og blei treft bak av ein bil som kom køyrande frå Uskedalen og innover mot Husnes. (Foto: Thor Inge Døssland).

I halvåtte-tida onsdag kveld krasja to bilar i Uskedalen. Den eine føraren blei fråteken førarkortet.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Ulukka skjedde mellom Skulebruo og Sjøhaugen, vis-a-vis Kapteinsgården. Ein bil kom køyrande frå Herøysundet og mot Uskedalen, og etter å ha teke fleire forbikøyringar møtte bilen ein traktor. Då bilen skulle leggja seg inn i eige køyrefelt igjen, mista føraren kontroll over bilen, snurra rundt, og støytte imot ein bil som kom køyrande i motsett retning. Ein av bilane fekk så store skader i samanstøyten, at den måtte hentast av bergingsbil. Ingen av passasjerane fekk store skader, men to personar blei køyrt til legevakt for sjekk.

Både politi, ambulanse og brannvesen kom til staden. Totalbildet av ulukka gjorde at politiet beslagla førarkortet til føraren i bilen som snurra rundt.

Artikkeltags