Intens krim og fengslande jazz i Uskedalen

JUBILANT: I år har Gunnar Staalesen femtiårsjubileum som forfattar. Saman med krimdebutanten Lasse Gallefoss kjem han til Uskedalen i oktober. (Pressefoto).

JUBILANT: I år har Gunnar Staalesen femtiårsjubileum som forfattar. Saman med krimdebutanten Lasse Gallefoss kjem han til Uskedalen i oktober. (Pressefoto).

Av

Krimforfattarane Gunnar Staalesen og Lasse Gallefoss møtest til samtale i Dønhaugkjellaren fredag 4. oktober. Blues-gruppa «Bluemen» set tonen.

DEL

Arrangørane lovar intens krimlitteratur og fengslande musikk denne haustkvelden. I år har Gunnar Staalesen femtiårsjubileum som forfattar. Han vert rekna som den som introduserte sosialrealismen i norsk krimlitteratur, men har i tillegg skrive mykje for teaterscena. Bak seg har han 22 bøker om den karismatiske bergensdetektiven Varg Veum, og er utgitt på heile 22 språk. Tolv av bøkene er filmatiserte.

Lasse Gallefoss debuterte i 2018 med den kritikarroste krimromanen «Krigernes fred», om guteromsheltane frå etterkrigstida. Gallefoss har stått bak fleire suksesseriar for NRK, mellom anna «På flukt» og «Uro», med Leo Aikic.

Samtale

Desse to, krimnestoren og debutanten, møtest til samtale i Dønhaugkjellaren, der dei vil presentera forfattarskapa sine, og kvarandre. Staalesen med hovudvekt på sin Veum-serie, og Gallefoss med utgangspunkt i boka si, i ein situasjon der hemmelege agentar plutseleg skal leva i fred etter krigen. Dei to vil lesa sentrale avsnitt frå bøkene sine, og det vert høve til både bokkjøp og å få forfattarsignering.

Fengslande jazz

Den musikalsk ramma vert sett av lokale «Bluemen». Stig Klette på gitar, Per Bråtun på bass, Ole Bjarte Røssland på trommer, Tore Hartvig Christensen på munnspel og José Zaragoza på trompet gir både musikalsk introduksjon og jazzinspirert solo- og gruppespel utover kvelden.

– Det er fantastisk at Gunnar Staalesen tek noko av jubileumsfeiringa i Dønhaugkjellaren, heiter det i pressemeldinga frå arrangøren.


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags