Måndag kveld var første møte – torsdag var dugnaden i gang

All laus elvestein skal fjernast. Her vert den eine kortsida planert og stelt til. F.v: Svein Rimestad, Bjarne Lilleaas, Knut Steinsletten, Ove Magne Myhre og Pål Haugland (i traktoren). (Foto: Kristian Bringedal).

Av
DEL

At det er mange dyktige og arbeisame dugnadsfolk rundt om i Kvinnherad, er det ingen tvil om. No har Uskedalen fått ei ny gruppe, og 12 personar møtte fram til den første samlinga i det som vert kalla Dugnadsgruppa i Uskedalen måndag kveld, skriv Uskedalen.no.

Pål Haugland tok initiativet slik at det som lenge har vore ein tanke, vart til handling. Alt same kvelden hadde gruppa synfaring på naudsynte arbeidsoppgåver kring kunstgrasbanen, og torsdag var sju spreke menn med rive, grafse, spade, motorsag og traktor i gang med arbeidet. Fire timars arbeid førte til gode resultat.

Det første oppdraget er å ta bort elvesteinen som delvis ligg rund banen mellom matta og asfaltert flate. Steinen er for liten og fungerer ikkje slik det var tenkt. Rullesteinen vert erstatta med grus blanda med mold. Flata vert sådd til. Det neste oppdraget er langsida mot barnehagen. Her vil ein bruka meir maskinhjelp. Skråninga frå plassen der leikeapparata står og opp til neste flate med treningsapparata er vanskeleg å halda. Ein forstøtningsmur vil flata ut terrenget noko. Målet er elles å laga ein asfaltert bane rundt heile anlegget, tenkt brukt for rulleski. Buskar og kratt er rydda i nedre hjørne på banen ved grinda til turvegen rundt Neset.

Torsdagar på dagtid er den faste arbeidsdagen i Dugnadsgruppa.

Steinar Kroka og Lars Myklebust skjer vekk buskar og ryddar kratt. (Foto: Kristian Bringedal).

Steinar Kroka og Lars Myklebust skjer vekk buskar og ryddar kratt. (Foto: Kristian Bringedal).

Artikkeltags