Skulle fiska råtalapp – fekk storlaks

Fangst: Kristian Øvstebø fekk ein litt større fisk enn han trudde han skulle få. Foto: Privat.

Fangst: Kristian Øvstebø fekk ein litt større fisk enn han trudde han skulle få. Foto: Privat.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Han skulle berre fiska etter småfisk frå bryggja, og enda med ein laks på seks kilo.

DEL

11 år gamle Kristian Øvstebø hadde ei heilt spesiell fiskeoppleving i føremiddag. Han var på kaien ved nausta nedanfor Korsnesfeltet og fiska etter råtalappa og annan småfisk. Med 0.30mm gøtt og ein liten fiskekrok med musling til agn vart det litt småfisk på den ivrige fiskaren og friluftsguten. Men så skjedde noko overraskande, skriv uskedalen.no.

– Eg såg ein sværing som kom mot agnet. Jammen beit den på! Den gjorde eit svært hopp utover, men så roa den seg, og eg fekk den inn til land, fortel Kristian om fiskeopplevinga.

Først rusa den allereie erfarne friluftskaren vekta til rundt 4 kg.

– Men vi måtte til Rosendal å kjøpa fiskevekt, det må vi jo ha. Kontrollveginga viste at den var 6 kg, fortel ungguten som knapt har landa etter opplevinga. Han meiner bestemt at det er ein oppdrettsfisk.

Søskena Andre og Katrine er mest like ivrige etter å fortelja om det som skjedde. Dei fortel at heile familien med pappa Jan og mamma Claudia var på kaien då storfangsten vart landa.

Artikkeltags