Nye aktivitetstilbod på Sandakaien

Dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Bente Nilsen, i Den blå stolen som er plassert på framsida av Oska.

Dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Bente Nilsen, i Den blå stolen som er plassert på framsida av Oska.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

På området rundt Sandakaien er det no i gang eit arbeid som vil gje plass til nye aktivitetar på dette området sentralt i Uskedalen.

DEL

– Vi har snakka i mange år om å skapa eit aktivitetstilbod for både bygdefolk og tilreisande, fortel dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Bente Nilsen, om arbeidet som no er i gang.

Ho håpar dette kan utvikla seg til ein kjekk samlingsplass.

– Den blå stolen, som er det første som er på plass, fekk vi ideen til då vi var på ferie. Vi såg ein liknande stol som folk flokka seg rundt. Det var kø for fotografering, og ungane stod i kø for å klatra i den. Vi tok bilde av den og engasjerte Kvinnherad Vekstbedrift AS. Resultatet syns vi er blitt kjempebra, og vi håpar at det kanskje kan verta ein møteplass. Bergen har Den blå steinen så kvifor kan ikkje Uskedalen ha Den blå stolen? seier Bente om den nye attraksjonen som mange alt har vore nyfikne på.

Vidare har dei no felt nokre bjørker, og i dag er Stian Haugland frå Haugland Maskin i gang med å fjerna øvste jordlaget på området mellom Oska og den asfalterte plassen på Sandakaien. Han skal også fjerna røtene etter bjørkene.

Bente Nilsen fortel at det ved enden av restauranten Oska skal koma boccia-bane med fulle mål.

– Vi håpar dette skal verta eit populært tiltak for alle. Boccia er ein aktivitet som passar for både unge, eldre og funksjonshemma. Den ekskluderer ingen. Kanskje kan det også utvikla seg til lag og turneringar? seier Bente og legg til at dei har hatt god hjelp frå Stord, der det er eit aktivt boccia-miljø, i førebuingsarbeidet med banen.

På asfalten like ved boccia-banen kjem det utesjakk. Brikkene er alt kjøpt inn og er på lager. Sjakk er som kjent i vinden for tida, og Bente håpar på god sjakk- og boccia-aktivitet side om side.

Bente Nilsen seier at arbeidet skal vera klart før påske.

– Vi skal då ha eit opningsarrangement. Vi håpar tilbodet vert populært, avsluttar ho og understrekar nok ein gong at dei ønskjer at alle skal bruka det.

Foto: Spar Uskedalen/Thor Inge Døssland.

Artikkeltags