Siste tilveksten av leigetakarar på Børnes er HT Industri. Bak selskapet står Stian og faren

VIL HA TOMT: – Godt å få alt utstyret samla under tak. På sikt håpar me å få tak i ei tomt der me kan bygga vårt eige lager, fortel Stian Tveit Øyerhamn.

VIL HA TOMT: – Godt å få alt utstyret samla under tak. På sikt håpar me å få tak i ei tomt der me kan bygga vårt eige lager, fortel Stian Tveit Øyerhamn.

Av
DEL


– Me var på jakt etter ein stad der me kunne få alt utstyret vårt under tak. Det fann me her. Målet er etter kvart å få tak i ei tomt og bygga noko sjølv, forklarar Øyerhamn.

Han har nett starta i selskapet til far sin, men er alt tildelt jobben som dagleg leiar.

– Dei to siste åra har eg arbeidd som betongarbeidar for Drange maskin. Før den tid kombinerte eg studiar og arbeid i Bergen. Eg tok toårig teknisk fagskule over tre år, og gjekk avdelinga for bygg og anlegg, fortel 30-åringen.

30 år er omtrent så lenge pappa Arve har drive med sprøytemåling og sandblåsing. Og det skal dei no gjera saman.

– Det går mykje i båtar, oppdrettskatamaranar og ei og anna ferje. HT Industri er ein godt innarbeidd bidragsytar både hjå Fjellstrand og på Oma Skipsbyggeri på Stord. Men no går både me og heile bransjen inn i ei svært roleg tid. Desember og januar er dei verste månadane. Då er det stort sett for kaldt til å utføre overflatebehandlingar. Til det treng me over fem varmegrader, og helst opplett, forklarar nykommaren.

Også han håpar at godt naboskap på Børnes kan resultera i meir arbeid.

– Me har allereie samarbeidd litt med Multi Solutions. Det gjer me gjerne meir av, smiler Stian Tveit Øyerhamn.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken