Børnes industriområde er populært som aldri før

SPENNANDE TIDER: Her ser du sentrale folk bak mykje av den aktiviteten som skjer på det tidlegare verftsområdet på Børnes. F.v.: Stian Tveit Øyerhamn, Arve Tveit, dagleg leiar i eigedomsselskapet, Svein Arne Eidsvik, Trond Martin Bjelland, Atle Falk, Egil Fallmyr og Egil Pile

SPENNANDE TIDER: Her ser du sentrale folk bak mykje av den aktiviteten som skjer på det tidlegare verftsområdet på Børnes. F.v.: Stian Tveit Øyerhamn, Arve Tveit, dagleg leiar i eigedomsselskapet, Svein Arne Eidsvik, Trond Martin Bjelland, Atle Falk, Egil Fallmyr og Egil Pile

Av

Skipsbygginga er historie, men aktiviteten på Børnes industriområde er truleg høgare enn nokon gong. På Eidsvik skipsbyggeri sitt gamle område er fleire nye aktørar komne til.

DEL

Eidsvik Eigedom AS var lenge hundre prosent knytt til Eidsvik-familien. Men i samband med at Selstad inngjekk ein leigekontrakt på ti år, med opsjon på nye ti på Børnes, kjøpte Selstad Holding seg inn i det lokale eigedomsselskapet med ein eigarpost på knappe 45 prosent.

– Det er svært gledeleg at Selstad viser slik interesse og engasjement for den vidare utviklinga av området. Dei har også investert kring 20 millionar kroner etter at dei starta opp for to år sidan, seier Svein Arne Eidsvik, som både er styreleiar og dagleg leiar i eigedomsselskapet.

Det utbygde verftsområdet er på 17,5 mål, og rimeleg fullbooka. Men selskapet har endå ei tomt igjen, som strekkjer seg langs sjøen og rundt neset, før ho grensar mot Hjønnevåg. Ein «indrefilet» av eit område på heile 22,5 mål, som også er regulært til industriføremål.

– Her vil me så snart det lèt seg gjera utvikla tomta vidare. Fleire har signalisert at dei ønskjer seg til dette området, og me vil sjølvsagt også at den gode trenden med stor aktivitet på Børnes kan få halda fram, seier Svein Arne Eidsvik.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken