Juleklatring samla mange i Uskedalen

Klatremiljøet er i god vekst.

Klatremiljøet er i god vekst.

Av
DEL

Onsdag kveld inviterte klatregruppa i Uskedalen til buldrekonkurranse og julestemning i Aktivitetshuset. Her møtte 35 ivrige klatrarar, både erfarne og mindre erfarne. Deltakarane kom frå heile kommunen. Det kom òg ein gjeng frå Odda.

Konkurransen gjekk ut på å løysa flest mogleg buldreutfordringar. Det vil seia at ein prøver å klatra bestemte korte ruter. Rutene var spreidde rundt i hallen, både i klatreveggen og på limtrebjelkane. Chris Fossli og Emil Stafsnes hadde på førehand laga 22 ulike utfordringar. Deltakarane rosa «ruteskruarane» for varierte og utfordrande ruter.

Frå kl. 18 til 21 var det høg buldreaktivitet, julemusikk, gløgg, peparkaker og småsnakking.

På pauseborda kunne deltakarane studera teikningar av det nye klatresenteret som idrettslaget arbeider med å få til. I tillegg til klatrevegg er det også planlagd eit større styrkerom.

Den høge aktiviteten på onsdag syner interesse og behov for betre fasilitetar. Ein håpar at dette i framtida kan sikra høg aktivitetsglede og liv i bygda.


(Saka er henta frå Uskedalen.no)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags