Vil tilbake til Vestlandet for å bli prest i Uskedalen sokn

Stian Helland. (Privat foto).

Stian Helland. (Privat foto).

Stian Helland (46) er einaste søkjar til stillinga som prest i Uskedal sokn. Fitjarbuen er for tida sokneprest i Ringsaker i Hedmark.

DEL

– Både kona mi, Kjersti, og eg er frå Fitjar og me saknar Vestlandet, fortel Helland.

Han understrekar at prosessen er i eit tidleg stadium og ingenting er avgjort. Onsdag skal han på intervju, seinare skal soknerådet i Uskedalen seia sitt, og til slutt skal innstillingsrådet i Bjørgvin bispedømmeråd koma med ei innstilling.

– Eg håpar det går i orden, seier Helland som utdanna seg til prest i moden alder.

I 2005 flytta han frå Fitjar, først til Sjømannskirken i New Orleans. Med handverkarbakgrunn jobba han som vaktmeister.

– Med tida vart eg utfordra til å halda gudstenester og utføra anna diakonalt arbeid. Det likte eg så godt at eg hoppa over på skulebenken og studerte seks år ved menighetsfakultetet for å bli prest, fortel Helland.

Etter det har han vore prest i Ringsaker i fem år, men ønskjer seg no altså til Uskedalen og Vestlandet igjen.

– Eg saknar vestlandsvêr, sjøluft, fiske og slikt. Her på Austlandet er det jo langt meir stabilt vêr, men det er rart med oss vestlendingar – me likar å få litt vind og regn i fjeset òg. Også resten av familien ønskjer seg vestover, fortel Helland.

Ungane – ein gut på 14, ei jente på 17 og ei jente på 18 – er òg glade i Vestlandet etter mange sommarferiar i Sunnhordland.

– Sidan både kona og eg kjem frå Fitjar og har familie der, tel den korte avstanden frå Kvinnherad til Fitjar med, det er heilt klart, seier Helland.

Kona Kjersti er beredskapsrådgivar i Sjømannskirken. Med heimekontor og mykje reiseaktivitet, kan ho i grunnen bu kor som helst, fortel Stian.

Han har elles fått eit godt inntrykk av kyrkjekontormiljøet og fellesskapet i Kvinnherad, og håpar søknaden til slutt går i boks.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags