Ola Matti (75!) debuterer i musikkvideo

Ola Matti Mathisen (til høgre) tar musikkinteressa til nye høgder. Foto: Svein A. Sunde.

Ola Matti Mathisen (til høgre) tar musikkinteressa til nye høgder. Foto: Svein A. Sunde.

Av

Tidlegare redaktør og mannen bak uskedalen.no, Ola Matti Mathisen, har alltid vore glad i musikk. For ein del av oss er det også kjent at denne store mediamannen frå Finnskogen tidlegare var ein svært så habil trekkspelar. I ein alder av 75 år har han tatt musikkinteressa eit steg vidare. Han har debutert i musikkvideo.

DEL

Det er den blinde Bergensmusikaren Kurt Ove Mæland som nyleg kom med musikkvideoen Veien langs livet, og der har Ola Matti Mathisen ei sentral rolle. Dermed er også ein god del av scenane i videoen spela inn på lett gjenkjennelege stader her i bygda.

Mæland har vore blind frå fødselen. Han har tidlegare jobba som journalist for NRK og Kystradioen.  Han viste tidleg musikktalent utanom det vanlege, og har til no gjeve ut to plater. Etter ein alvorleg sjukdomsperiode er han no tilbake for fullt, og ny plate kjem på nyåret. 

Det vert sagt at dei som likar Bjørn Eidsvåg, Anne Grethe Preus og Jan Eggum bør lytta til Kurt Ove Mæland. Han presenterer underfundige tekstar framført på bergensk og innpakka i eit delikat musikalsk uttrykk med spennande harmoniar.

Ein av dei som har jobba mykje saman med Kurt Ove Mæland og kjenner han godt, er son til Ola Matti, Marius Mathisen.

– Kurt Ove er svært dyktig og inspirerande. Han fortener mykje meir oppmerksomhet enn han har fått til no, skildrar Marius Mathisen som har spelt trommer på platene, og han seier vidare at det er eit samarbeid har ser fram til å fortsetja med framover.

– Det er ein vanvittig inspirerande kar. Eg trefte han første gong i Barcelona, og det var heilt utruleg å høyra korleis han beskreiv naturen og opplevelsane. Det verka som om han såg meir enn oss andre sjølv om han var blind, fortel Marius, og frå anna hald har høyrt at sjølv om han aldri har sett Brann spela, så elskar han å gå på Stadion. Han har sine bilde av det som føregår, og det er ei fantastisk oppleving for han.

Albuma denne flotte artisten har gjeve ut, er m.a. tilgjengeleg på Spotify. Videoen der Ola Matti Matti Mathisen er med, kan de sjå her.

Kurt Ove Mæland og bandet har spela i Rosendal, men i Uskedalen har han berre vore på besøk. Kanskje det snart byr seg anledning for ein konsert?

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags