Fekk to millionar til klatretårn i Uskedalen

Vigdis Gammelsæther, Christoffer Fossli, Steinar Haugland og Michael Røssland feira pengegåva med marsipankake.  – Dette er heilt fantastisk.

Vigdis Gammelsæther, Christoffer Fossli, Steinar Haugland og Michael Røssland feira pengegåva med marsipankake. – Dette er heilt fantastisk.

– Uskedalen er ein klatredestinasjon av internasjonal klasse. Vi ønsker å få til eit senter som kan vera eit fyrtårn for kommunen når det gjeld bratt friluftsliv.

DEL

Det sa Christoffer Fossli på eit ekstra tildelingsmøte i Sparebank 1-stiftinga fredag. Klatregruppa ved Uskedal Idrettslag fekk tildelt to millionar kroner til prosjektet sitt om å bygga eit klatresenter, med det som kan bli Norges høgaste klatretårn.

– Vi vil laga eit knutepunkt for sosialt samvær. Vi ønsker i utgangspunktet å bygga eit klatretårn og styrketreningsrom, men ønsker innspel frå lokalmiljøet om kva meir senteret kan innehalda. Kanskje kan det vera ein kafé der, eller kva med eit bibliotek?, føreslo Vigdis Gammelsæther.

Bakgrunnen for prosjektet er at kapasiteten til aktivitetshallen er sprengt. Samstundes har klatregruppa sett at klatring har blitt meir populært dei siste åra, særleg i aldersgruppa 16-30 år.

– Vi må derfor flytta aktivitetar ut av hallen, sa Steinar Haugland.

Både Fossli og Gammelsæter er tilflyttarar til kommunen, i stor grad på grunn av naturen og aktivitetsmoglegheitene denne gir.

– Vi trur at å legga til rette for meir uorganisert aktivitet, som eit klatresenter der folk kan koma og gå når dei sjølv ønsker, vil gjera kommunen meir attrkativ, og bidra til at fleire flyttar hit.

Klatregruppa brukar eit tårn i Åndalsnes som modell. Tårnet i Uskedalen er tenkt å vera 22 meter høgt, og vert med det det høgaste i landet.

Klatregruppa var svært takksame.

– Dette er heilt fantastisk. Dette hadde vi ikkje førestilt oss i vår villaste fantasi, sa Haugland.

Kvinnherad kommune har frå før løyvd 154.000 kroner til prosjektering. No vil klatregruppa vidare søka om tippemidlar.

Artikkeltags