Lagar basecamp for ungdom: – Plutseleg er det nokon som kjem til å elska dette

ELDSJELER:  Frå venstre: Veslemøy Haugland, Solveig Haugland, Sverre Myklebust og Christoffer Fossli er med å arrangera Basecamp Kvinnherad. Magnus Eide er også med. Her ved klatreveggen i Uskedalen som vil vera sentral under campen. (Foto: privat).

I dagane 24.-26. juni vert Basecamp Kvinnherad arrangert for første gong.

DEL

Dette heilt nye tilbodet vert arrangert av Friluftsrådet Vest i samband med lokale eldsjeler, og rettar seg mot ungdom mellom 13-16 år. Campen skal vera lokalisert i Uskedalen, der ungdomane skal overnatta i lavvoleir på Rabben Feriesenter. Dei skal sjølve vera med å setja opp lavvoane.

Hovudaktivitetane på friluftsleiren er padling og klatring, men det vil også vera anna moro, som slakk line, Supbrett, pil og boge og fiske.

Base i Uskedalen

– Det blir ein base i Uskedalen, der vi både bur i lag og lagar middag saman, seier Veslemøy Haugland, som saman med Solveig Haugland og Magnus Eide skal vera klatreinstruktør under arrangementet.

Christoffer Fossli er både instruktør og ansvarleg for klatringa, medan

Sverre S. Myklebust skal ha ansvar for kajakkaktivitetane, som skal føregå nedom skulen.

– Vi håpar at det kjem ungdom frå heile kommunen, vi har sett opp plakatar på alle skulane. I tillegg er det kjekt om det kjem nokon frå andre delar av fylket også, seier Veslemøy.

For alle

Ho fortel at basecampen er for alle. Deltakarane treng ikkje å ha noko erfaring frå før, og ungdommane skal få utfordringar ut frå sitt eige nivå.

Dersom ein klarar krava for «våttkort» eller «topptau-kort» så kan ein også få desse på campen. På campen skal ein ikkje vera redd for å prøva noko nytt, men ein treng ikkje ta dei kursa ein ikkje vil.

– Plutseleg er det nokon som kjem til å elska dette, og då må dei jo fortsetja! Då er det veldig greitt å ha desse korta, for då kan ein halda fram etter campen, reklamerer Veslemøy.

FOR ALLE: Hovudaktivitetane på friluftsleiren i Uskedalen er klatring og padling, men det vil også vera mange andre aktiviteter og ikkje minst sosial moro.

FOR ALLE: Hovudaktivitetane på friluftsleiren i Uskedalen er klatring og padling, men det vil også vera mange andre aktiviteter og ikkje minst sosial moro.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags