På plass i universitetsmuseet

Figuren frå Holmedal (Arkivfoto).

Figuren frå Holmedal (Arkivfoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

Den 1300 år gamle figuren med svastikateikn som blei funnen på Holmedal, er no trygt framme ved Universitetsmuseet i Bergen.

DEL

måndag, kom Håkon Huse over eit mildt sagt sjeldan funn med metalldetektoren på garden til Kjell-Tore Holmedal på Utåker nyleg. Måndag vitja fylkesarkelogar og representantar frå Universitetsmuseet i Bergen funnplassen.

– Vi hadde lyst til å sjå nærmare på plassen der dette svært spennande og sjeldne funnet blei gjort. Universitetsmuseet i Bergen ønskte òg å senda representantar, av di dei har lov til å grava litt meir og gjera litt grundigare undersøkingar, fortel fylkeskonservator og arkeolog Jostein Aksnes.

Dei gjorde ingen ytterlegare funn denne dagen som kan knyta gjenstanden opp til ein kontekst, men ser ikkje vekk frå at nye funn kan dukka opp etter kvart. No skal gjenstanden bli konservert og undersøkt vidare ved Universitetsmuseet i Bergen, kor den blei frakta til måndag.

– Så vidt ein veit, er det berre gjort ei handfull funn av liknande type tidlegare. Den sjeldne gjenstanden vil nok difor bli gjenstand for forsking framover, og den kan truleg seia oss spennande ting om historia frå 7-800-talet. Vi gler oss til å følgja med på dette vidare. 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags