Denne hausten kan du ta sveisefagleg utdanning lokalt

Næringssjef Silvia Tofte vil nå ut med at Studiesenteret på Husnes tilbyr sveisefagleg utdanning lokalt. Roger Skarveland i BKS Montering seier dette kurstilbodet er kjærkome.

Næringssjef Silvia Tofte vil nå ut med at Studiesenteret på Husnes tilbyr sveisefagleg utdanning lokalt. Roger Skarveland i BKS Montering seier dette kurstilbodet er kjærkome.

Frå i haust av tilbyr Studiesenteret sveisefagleg utdanning. – Dette vil vera svært nyttig for mange bedrifter som slepp å senda tilsette på kurs utanfor kommunen, seier næringssjef Silvia Tofte.

DEL

Studiesenteret blei etablert i Kvinnherad i 2014, med hjelp av Kvinnherad Næringsservice og KVV kompetanse, og i mars blei det kjøpt opp av OsloMet, tidlegare kjent som Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA). Tidlegare har Studiesenteret tilbydd forskjellige utdanningar innan både økonomi, leiing, nyskaping og lærarutdanningar, men til hausten kjem det første studietilbodet om etter- og vidareutdanning retta spesielt mot industribedrifter som vil ha eit konkurransefortrinn i marknaden – nemleg sveisefagleg utdanning. Studiesenteret tilbyr tre ulike kurs med oppstart i august og januar 2019:

Internasjonal sveisespesialist (seks månader, oppstart i august), internasjonal sveiseteknikar (12 månader, oppstart januar) og internasjonal sveiseingeniør (12 månader, oppstart i januar).

Kan studera lokalt

– Mange bedrifter må ha denne kompetansen på grunn av lovpålagde krav. Å kunna dokumentera at ein har denne kompetansen blir også viktigare og viktigare i samband med anbods- og kontraktsforhandlingar, seier Tofte.

Roger Skarveland er dagleg leiar for BKS Montering, og ønskjer tilbodet veldig velkommen.

– Det kostar ei bedrift mykje å ikkje ha denne typen kompetanse. Vi leiger til dømes inn sveisefagarbeidarar per no, men har ein tilsett som går denne typen vidareutdanning utanfor kommunen fordi vi ser det vil vera svært nyttig for oss. Hadde denne utdanninga vore tilgjengeleg då han skulle til med kurs, hadde vi nok brukt Studiesenteret, og vi kjem heilt sikkert til å bruka det i framtida. På den måten kan kvinnheringar få seg ei høgare utdanning samtidig som dei er i jobb.

– Éin ting er at ein bedriftsleiar som Roger seier at denne kompetansen er relevant, men her tenkjer eg at dei som er tilsette i ei bedrift òg bør ta initiativ viss dei ønskjer seg ei spennande vidareutdanning, legg Tofte til.

– Ja, for til dømes ingeniørar som slit i arbeidsmarknaden er dette ei smart vidareutdanning å ta. Då vil vedkommande stilla veldig sterkt når han eller ho skal søkja jobb, seier Skarveland.

Studiesenteret kan tilby denne utdanninga gjennom Chr. Thams Fagskole, og som alltid føregår undervisninga i Studiesenteret sine lokale i KEST-bygget på Husnes via videokonferansar. Undervisning føregår éin dag per veke.

Viktig ledd

Tofte peikar på at bedriftene stadig får strengare krav å forholda seg til, og såkalla «ISO»-sertifisering er eit omgrep som stadig dukkar opp. Å ha tilsette med rett fagkompetanse er viktig i samband med ISO-sertifisering, og vidareutdanninga som Studisenteret no tilbyr for sveisarar kan vera eit ledd i dette. Børre Fiskerstrand er dagleg leiar i MM Support og hjelper bedrifter med kvalitet og HMS. Han har kontor i KEST-bygget der Studiesenteret har lokala sine, og forklarer kva ISO-standardar er for noko:

– Det finst mange ulike ISO-standardar for ulike bransjar og område. ISO står for «International Organization for Standardization», og er kort fortalt eit internasjonalt system for kvalitetssikring. Det betyr at bedrifter som har denne sertifiseringa leverer på eit nivå som kan etterprøvast uansett kor i verda produksjonen føregår. At eit firma har visse ISO-standardar skapar tillit til bedrifta og produksjonen, og dette blir stadig viktigare, forklarer Fiskerstrand.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags