Stor uvisse rundt ny lærarnorm

– Det meste rundt denne norma er veldig usikkert, seier Anne Sofie Bjelland Kjeka, sektorleiar for oppvekst og kultur i kommunen. (Arkivfoto).

– Det meste rundt denne norma er veldig usikkert, seier Anne Sofie Bjelland Kjeka, sektorleiar for oppvekst og kultur i kommunen. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Den nye norma for kor stor lærartettleik ein skal ha per elev i skulen vart varsla å gjelda frå komande haust av. Men få kan enno svara på kva den vil innebera i praksis.

DEL

Under budsjettforhandlingane til dei borgelege partia i haust, fekk KrF gjennom eit ønskje om å innføra ein ny norm for lærartettleik. Målet er maksimalt 15 elevar per lærar på 1.– 4. trinn, og 20 elevar per lærar på 5.–10. trinn. Intensjonen var å innføra norma allereie frå komande skuleår. Men korleis dette skal løysast ser enno ut til å vera i det blå.

– Det meste rundt denne norma er veldig usikkert, sånn som det ser ut no. Eg har vore i kontakt med både fylkesmannen, KS og til og med forkontoret til Kunnskapsdepartementet, men noko klart svar har ingen kunna gi, seier Anne Sofie Bjelland Kjeka, sektorleiar for oppvekst og kultur i kommunen.

Ho fortel at det næraste svaret ho har fått, er at saka truleg skal ut på høyring først.

– Noko som betyr at dersom dette skal verta innført frå hausten allereie, kjem vi til å få veldig dårleg tid!

Gjennomsnittleg storleik

– Har ein noko idé om kor mange nye lærarar dette vil innebera for Kvinnherad?

– Nei, for det er også uvisse kring korleis ein skal rekna. Eg ser at somme aviser tidlegare prøvde å rekna på kor mange nye lærarar norma ville innebera ut frå klassestorleikar, men slik eg har tolka det, kjem ein til å rekna ut frå gjennomsnittleg lærartettleik per undervisningstime for 1.–4.-trinnet og for 5.–10.-trinnet. Det er klart at dette vil krevja fleire ressursar, så for nokre skular vil det nok innebera nye lærarstillingar. Det kan vera anten ved at somme lærarar går opp frå ei mindre stilling til ei full stilling, eller at skulen får ei heilt ny stilling. Likevel vil det nok ikkje få dei heilt store utslaga her hos oss sidan vi har så små undervisningsgrupper i snitt. Det er difor ein seier at denne norma først og fremst vil koma dei store byskulane til gode.

Ho legg til at det ikkje er uproblematisk å få tak i nye lærarar for tida.

– Frå hausten av får vi nye utdanningskrav, der lærarar skal studera fem år i staden for fire. Saman med nye krav til lærarar er det færre som vel lærarutdanninga, så ein vil nok risikera å få nokre fleire ufaglærte i skulane. Allereie i dag er det utfordrande å få tak i kvalifiserte lærarar, påpeiker Kjeka.

– Men er det sagt noko om kven som skal finansiera dei eventuelle nye stillingane? Staten eller kommunane sjølv?

– Det kjem midlar frå staten, og behova skal reknast ut frå skulenivå. Det er alt vi veit. Vi venter som sagt i spenning på resten, sluttar ho.

Snart tilsetjingar

Også Utdanningsforbundet og Olaug Heggenes ventar spent:

– Vi i Utdanningsforbundet har også diskutert denne saka opp, ned og i mente, men sidan heller ikkje vi anar korleis dette skal løysast, tør eg enno ikkje ha noka synspunkt på kva dette vil få å seia i praksis, seier Heggenes, leiar for Utdanningsforbundet Kvinnherad. 

Ho påpeiker at det nærmar seg tidspunktet for tilsetjing av lærarar for komande skuleår, og viser til at også ho har høyrt snakk om at saka skal ut på høyring først.

– Dersom dette skal innførast frå hausten allereie, har ein med andre ord begynt å få dårleg tid på seg. Difor kunne nok dei fleste tenkt seg eit svar snart, oss i Utdanningsforbundet inkludert, sluttar Heggenes.

Artikkeltags