«Dette meiner Utdanningsforbundet om det politikarane lovar»

Av
DEL

MEININGARFor eit par veker sidan stilte vi i Utdanningsforbundet sju spørsmål til politikarane gjennom Kvinnheringen. Målet vårt er å tydeleggjera for veljarane kva ein kan forventa av dei ulike partia etter valet når det kjem til barnehage- og skulepolitikk. Vi takkar for alle svar, og vi har no freista å laga ei oppsummering av kva dei ulike partia meiner om dei spørsmåla vi stilte.

Framstegspartiet har ikkje tenkt å gjera noko med dei krevjande utfordringane Utdanningsforbundet peikar på i oppvekstsektoren, med unnatak av at dei vil styrkja bemanninga i PPT, noko me sjølvsagt er glade for. Elles registrerer me at det viktigaste tiltaket ordførarkandidat Ove Lemicka føreslår for å rekruttera lærarar, er at me har gode desentraliserte skular som alle snakkar fram. Me er redd det må litt fleire tiltak til enn dette. Ein må mellom anna sjå på årsakene til at lærarar ikkje held ut i yrket, lytta til dei og sjå nærare på rammene og arbeidstilhøva. Ein må òg gjera yrket meir attraktiv i form av auka tillit til profesjonen og løn som er konkurransedyktig samanlikna med andre yrke med like lang utdanning.

Miljøpartiet Dei Grøne er interessert i å lytta til dei som arbeider i oppvekstsektoren og kartleggja utfordringar dei står overfor, noko me set stor pris på. Partiet ønskjer ikkje å redusera talet på born per vaksen eller auka bemanninga i PPT. For rekrutteringa ser ordførarkandidat Jostein Saghaug at det er naudsynt å ha attraktive skular. Det hadde vore fint om Saghaug kunne definera kva som kjenneteiknar ein attraktiv skule? Elles syner MDG i motsetnad til Frp ei litt meir audmjuk haldning og ein vilje til å lytta til profesjonen.

Ordførarkandidat Hilde Enstad seier at Arbeidarpartiet vil gå inn for at bemanningsnorma i barnehagen skal gjelda i heile opningstida og vil vurdera å styrkja bemanninga med spesialpedagog og helsefagarbeidar. Enstad vil lytta til dei tilsette og organisasjonane, og vil prioritera tiltak som sikrar kvalitet. Arbeidarpartiet vil òg styrkja bemanninga i PPT.

Høgre har ikkje svart på spørsmåla våre, men seier generelt at dei vil oppretthalda forsvarleg drift. Utdanningsforbundet vil utfordra Leif Sverre Enes til å definera forsvarleg drift.

Kristeleg Folkeparti ønskjer å sjå på bemanningsnorma i barnehagen på nytt, dersom det etter den planlagde evalueringa av norma skulle visa seg at det er trong for å styrkja den. Dei vil ikkje gå inn for å redusera normtalet i barnehagen eller skulen, men er villig til gå inn med tilpassingar der norma slår dårleg ut. Krf vil vurdera auka startløn for å rekruttera lærarar og kanskje kombinera det med ein meir aktiv rekrutteringspolitikk. Her skulle me ønskja at ordet kanskje var borte. Utdanningsforbundet opplever at partiet ikkje tek problemet med ukvalifiserte lærarar nok på alvor. Det er ikkje slik at dei ukvalifiserte som underviser i skulen berre manglar kompetanse i eitt eller to fag, me snakkar om personar som kanskje ikkje har gått på Lærarhøgskulen i det heile. Det kan i praksis vera kven som helst. Ein har ikkje nok ambisjonar for læringsutbyte til elevane i skulen dersom ein ikkje tek tak i dette.

Venstre har mange gode intensjonar og mål for oppvekstsektoren, noko som er eit godt utgangspunkt for vekst. Partiet ønskjer mellom anna at kommunen bør ha som mål å liggja over minstenorma for bemanning i både barnehage og skule. Ordførarkandidat Kent Are Kjørsvik Petterson meiner det er naudsynt å styrkja rammene til sektoren for å få til dette. Partiet er i hovudsak oppteken av å imøtekomma det Utdanningsforbundet etterspør, men utan at det går ut over andre tenester. Det vil i praksis tyda at Petterson er avhengig av auke i overføringane frå staten. Partiet vil gå inn for å styrkja heile eininga Barn og Familie, ikkje gjennom å auka bemanninga, men gjennom samarbeid med eininga for å finna løysingar lokalt. Det er litt uklart for oss kva som ligg i dette.

Ordførarkandidat Hans Inge Myrvold i Senterpartiet vil ha fokus på barnehagesektoren, løfta kvalitet på bygg og uteområde i barnehagen og han vil gje barnehagane tilstrekkeleg og naudsynt bemanning. Tilstrekkeleg og naudsynt bemanning er eit definisjonsspørsmål med svært ulike svar. Når det gjeld bemanninga i skulen vil partiet setja ei grense for kor mange klassar ein kan slå saman, og dette er bra, for slik norma er no, finst det heimel for å slå saman elevar frå 1. til 4. klasse så lenge det samla talet på elevar ikkje overstig 15 born. Elles har Senterpartiet litt lite konkrete svar på spørsmåla våre, så Utdanningsforbundet etterlyser ein litt tydelegare utdanningspolitikk.

Ordførarkandidat Bjarnhild Sjo i Partiet Dei Kristne sine svar er konkrete og tydelege, men lite utdjupande. Partiet svarar ja på alle spørsmåla våre. Det hadde vore fint å få vita litt meir om korleis PDK vil prioritera for å få til dette. Elles ønskjer PDK at lærarane skal få tid til å ta seg av primæroppgåvene, og at ein styrkjer skulen med sosilallærar og styrkjer PPT.

Sosialistisk Fellesliste vil sjå på bemanninga i barnehagen og endra inntaksreglane frå 1 til 2 gonger i året. Partiet vil arbeida for å realisera heildags-skule og eit varmt måltid i løpet av dagen. Dei vil ikkje gå inn for ytterlegare kutt i budsjettet til oppvekstsektoren, men seier ikkje noko om at dei ønskjer å auka det. Utdanningsforbundet set pris på at SF anerkjenner fagpersonalet som dei mest kompetente til å uttala seg om skule og barnehage.

For Utdanningsforbundet Kvinnherad,

Ingrid Grønstøl

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags