Her finn du oversikt over kva som skjer i jula

Bar 5460 har fleire arrangement i jula, blant anna julegenser-fest og diskotek med ulike DJ-ar. (Arkivfoto).

Bar 5460 har fleire arrangement i jula, blant anna julegenser-fest og diskotek med ulike DJ-ar. (Arkivfoto).

I jula får du truleg nok familiesamvær. Då kan det passa fint å ta turen ut på livet for å treffa vener og kjente som er heimom, eller for å dansa av deg litt av ribbefeittet.

DEL

(OBS: Kvinnheringen tar atterhald om at denne oversikta ikkje er fullstendig, og at vi kan ha oversett arrangement).

Allereie i kveld kan du ta deg ein tur på Pizzabakeren på Husnes for å få deg ein god latter på ein ny «Rorbukveld» med Arne Torget. Denne kvelden har han fått med seg diktaren og visesongaren Per Berg. Han plar å kombinera alvor med humor, noko som slår godt an hos publikum. Forutan å ta opp kvardagslege tema som liv, død, kjærleik med meir, les han også elleville dikt om nasehår, sin eigen onkel sine «pupper» og mykje meir.

Arne Torget skal ha rorbukveld både på Husnes og Halsnøy. Her frå den første på Pizzabakeren i oktober. (Arkivfoto).

Arne Torget skal ha rorbukveld både på Husnes og Halsnøy. Her frå den første på Pizzabakeren i oktober. (Arkivfoto).

På Gry Helge's Bar og Restaurant på Husnes speler Bård Leite og Charlotte Marlen Midtun i kveld. Bård Leite er ein populær trubadur, som i tillegg er vokalist i Majorleap. Med seg denne helga har han Charlotte Marlen Midtun, vokalisten i Violent Gin som blant anna spelte under årets Omstock-festival.

Laurdag 22. desember

«Ugly christmas sweater»-fenomenet har nådd Norge, nemleg grelle og/eller festlege julegenserar. «Vesle vesle julaftan» blir det derfor julegenser-fest på Bar 5460 på Husnes. DJ Eirection tar turen og skapar liv på dansegolvet.

Bård Leite og Charlotte Marlen Midtun speler på Gry Helge's denne kvelden òg, medan du på Peppes Pizza på Husnes kan vera med på quizkveld med musikk av Henning Sæbø.

Snikkeriet i Rosendal skal på kvelden ha ein storslagen julekonsert som ein del av konseptet «JULEFRYD 2018», med rundt 20 medverkande musikarar.

Første juledag

På Bar 5460 blir det «nissefest», der alle gjestene blir oppmoda om å ta på seg noko nisse-relatert. DJ Brede Jr. er heimom frå studiane i Budapest og står for musikken denne kvelden.

På Pub No. 13 på Halsnøy kan du få med deg «Raititoeren» med Remi Sjo og Årstein Tislevoll.

Andre juledag

Andre juledag speler Vivillain på Gry Helge's. Arrangøren meiner dette truleg er eitt av dei beste live-banda på Vestlandet for tida. Bandet kjem frå Bergen, og blandar god, gammaldags hardrock med moderne melodiar. Over det siste året har gruppa gjennomført fleire titals konsertar over heile landet, og kan stolt slå i bordet med å ha spelt på stader som Rockefeller i Oslo, Verftet i Bergen, Bygdalarm og mange fleire.

Copyright Oeyvind Toft Vivillain https://toftconcertphotography.smugmug.com/browse oeyvtoft@online.no

Copyright Oeyvind Toft Vivillain https://toftconcertphotography.smugmug.com/browse oeyvtoft@online.no Foto:

Bar 5460 lovar også god «trøkk» på dansegolvet denne kvelden, der DJ Ronny Bøe skal står for musikken.

Fredag 28. desember

Denne fredagen blir det rorbukveld på Halsnøy Samfunnshus. Då tar Arne Torget med seg Per Berg til øya for å visa han vakre Halsnøy og sitt gode publikum der. Det blir garantert mange gode historier og viser denne kvelden òg.

Og er du glad i å syngja bør du ta turen til Gry Helge's denne kvelden, for der blir det karaoke!

Laurdag 29. desember

Goggen fått fortent rykte som ein av Vestlandet sine beste trubadurar. Kom på Gry Helge's og sjekk sjølv, oppmodar arrangøren.

Artikkeltags