Utelivet i påsken

Terje Frigaard med band speler på Bar 5460 på langfredag. (Pressefoto).

Terje Frigaard med band speler på Bar 5460 på langfredag. (Pressefoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Ingen vits i å sitja inne og gumla påskesnop når det skjer så mykje artig i Kvinnherad i påsken!

DEL

I kveld, onsdag, kan du til dømes ta turen til Halsnøy og Pub No13, og få med deg konsert med William Hut. Lokale musikarar «tar over» etter konserten. På Husnes blir det påskequiz to stader, både på Bar 5460 og på Gry Helges. Etter quizen på Gry Helges blir det musikk av Henning Sæbø. Hos Påfyll Snikkeriet i Rosendal blir det «Damenes aften» denne kvelden, med musikk av Anders Kristensen Band. I Åkra blir det bingo på skulen, før Sjøbuo kafé held ope utover kvelden.

Skjærtorsdag held Kippers pub på Halsnøy ope, det same gjer Bar 5460 på Husnes, der det blir «Easter Bunny Party». I Uskedalen blir det konsert på Smakifrå Oska, med tre lokale herrar på trekkspel og gitar som speler låtar av Evert Taube.  På Påfyll Snikkeriet speler blues-innovasjonsbandet «Gaffoot» konsert.

Langfredag blir det quiz-kveld på Pub No13, medan Terje Frigaard med band speler på Bar 5460 på Husnes. På Gry Helges speler Bård Leite. I Uskedalen blir det låvedans og konsert med Gunslingers på Dønhaug, og hos Påfyll Snikkeriet blir det stor påskejam med lokale musikarar.

Påskeaftan held Kippers og Pub No13 ope, og på sistnemnde speler Raititai Band. På Husnes speler Bård Leite på Gry Helges, og på Bar 5460 har DJ Real Audio med seg «Tim» og lagar diskotek. På Peppes Pizza på Husnes blir det pubkveld etter gammalt, og på Smakifrå Oska i Uskedalen blir det «afterski» med DJedgar. Hos Påfyll Snikkeriet i Rosendal speler «Mr. C and the Fab 2 be», desse speler også søndag første påskedag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags