Gå til sidens hovedinnhold

Utløyste snøskred ved fjelltopp

Artikkelen er over 2 år gammel

Politiet åtvarar.

Lensmann Sigurd Børve oppmodar folk om å vera forsiktige når dei ferdast i fjellet framover.

Ein turgåar melde nyleg om at han hadde utløyst eit større skred under ein skitur ved Ingahogg nær Fjellhaugen.

– Fornuftig av han å melda frå om dette. Dette er ein erfaren turgåar, som har kunnskapar om kor ein skal bevega seg og ikkje. Likevel gjekk det eit skred i dette området, seier lensmann Sigurd Børve til Kvinnheringen torsdag.

– Derfor ber vi folk om å vera på vakt i fjellet framover. Det er komen ein del nysnø, og vêret som har vore tilseier at vi er på veg inn i ein periode med auka fare for snøskred i Kvinnherad-fjella, fortel Børve.

I midten av mars i fjor var eit turfølgje meter frå å bli tatt av eit snøskred som gjekk i Omvikdalen.

Sjå video frå der skredet gjekk her:

Les også

Turfølgje var meter frå å bli tatt av skred

Snøskredvarselet til yr.no viser torsdag føremiddag moderat skredfare for delar av Kvinnherad.

Les også

To unge kvinner måtte bergast ned frå fjellet i mørket

Kommentarer til denne saken