Svindelforsøka i den digitale kvardagen vår blir meir og meir sofistikerte og vanskelegare å avsløra. Den 18.august fekk Bente Soldal i Neslia ei melding av det ho trudde var dottera si Margretha.

Mor og dotter nyttar ofte meldingstenesta WhatsApp når dei skal kommunisera skrifteleg, fordi dette er ein samtaleform som fungerer godt også når Margretha er på utanlandsreise, noko ho ofte er gjennom jobben sin.

Og frå det som såg ut som dottera sin profil kom det ei melding om at ho hadde fått nytt telefonnummer fordi telefonen hennar hadde hamna i vaskemaskinen.

Då mor Bente følgde opp med å spørja kvifor ho ikkje fekk behalda det gamle nummeret, svara «dottera» at ho hadde så mange menneske på det gamle nummeret.

– Eg antok at ho ville rydda opp i kontaktane sine, noko som Margretha kunne ha funne på, så eg opplevde ikkje det som særleg overraskande. At telefonen kunne ha hamna i vaskemaskinen var heller ikkje noko eg såg på som heilt usannsynleg, fortel Bente Soldal.

Ville ha 20.000

Vidare følgde den som Bente trudde var dottera opp med å spørja kva mora gjorde på, og så fortalde ho at ho hadde eit problem.

«No såg eg den. Kva problem?», spør Bente i dialogen vel ein time etterpå.

«Jeg må betale noe, men kan ikke komme inn på internettbanken min. Kan du utføre den betalingen, og jeg vil refundere den i morgen», svarer dialogpartnaren, som Bente på det tidspunktet framleis tar for gitt at er dottera. Ho svarar derfor «ok».

Kort tid etter kom kontoinformasjon og beløpet, 20.000 kroner. Då vakna Bente så det song etter.

«Tulla du, skal eg senda 20.000 til ein utlending utan å få vita kva det gjeld?», kontrar ho.

«Dottera» svarar at mora ikkje skal bekymra seg, at ho har bestilt ting og må betala no.

«For så mykje?. No lurer eg på kva du held på med», svarar mora.

Kaldt nedover ryggen

Vedkomande svara ikkje på dette, men ber berre om at betalinga må koma med det same, då ho allereie er sein.

Nokre minutt etterpå kjem eit spørsmålsteikn, og så eit par spørsmålsteikn til nokre minutt etter der igjen. Men i dette tidsrommet har Bente fått greie på at det slettest ikkje er dottera ho skriv med, og ho blokkerer vedkomande ho har skrive melding med gjennom heile laurdagen.

– Eg prøvde å ringa på det nye nummeret, men kom berre til melding om at abonnenten var utilgjengeleg. Då kontakta eg Margretha på det vanlege telefonnummeret hennar og spurde om ho hadde problem. Ho svara straks at det hadde ho ikkje, og skjønte ikkje kva eg snakka om. Då gjekk det kaldt nedover ryggen på meg, seier Bente.

Telefonnummeret som svindlaren i andre enden oppgav som Margretha sitt nye nummer, viste seg å tilhøyra ein intetanande mann i Bergen som hadde blitt oppringt av rundt 40 andre som hadde vore utsett for det same som Bente. Ho trefte han på det nye nummeret hans, då det gamle no var sletta.

– Han fortalde at nummeret hans var blitt hacka, og at han hadde vore nøydd til å skaffa seg nytt nummer. Han hadde meldt forholdet til politiet, og ønskte òg at vi som hadde blitt utsett for svindelforsøk skulle vera med på den politimeldinga, fortel Bente, som vurderer å gjera nettopp det.

– Må vakna

Bente ringte òg broren sin som er politimann.

– Han var litt oppgitt over heile greia, og sa klart i frå om at vi alle må vakna no og bli meir kritiske og årvakne. Svindelforsøka vil berre bli meir og meir avanserte og koma i større og større grad, så her må vi passa på, seier Bente, og held fram:

– Og når eg ser over dialogen med den som eg trudde var Margretha no i ettertid, så ser eg jo at eg burde ha lukta lunta med det same. For det første var meldingane på bokmål, og for det andre var det openberrt at språket var omsett via Google Translate, eventuelt skriven av nokon som ikkje er spesielt gode i norsk. Men eg gjekk altså fem på, og det irriterer meg valdsamt. Heldigvis vakna eg då ho skulle ha denne store summen til eit framand kontonummer.

Bente fortel at i det ho blokkerte samtalen, forsvann kontonummeropplysningane frå dialogen, som ho elles har teke skjermbilde av.

– Det som er ekstra spesielt å tenka på, er at samtalen starta klokka 13.10 om føremiddagen, og først klokka 17.30 på ettermiddagen var den over. Då hadde eg altså skrive melding med ein svindlar gjennom fleire timar på laurdagen og trudd det var Margretha. I ettertid kan eg ikkje forstå at det går an.

Følger med på ofra

I slutten av august skreiv Nettavisen om Marthe Bottolfs som hadde blitt forsøkt svindla etter same metode som Bente Soldal blei utsett for. I artikkelen uttalar Terje Fjeldvær, svindeljeger i DNB, at fleire har blitt kontakta via meldingstenesta WhatsApp, og at svindlarane utgir seg for å vera ein av ungane som ut i samtalen ber om pengar.

«Det kan sjå ut som at det går igjen at barna til desse kvinnene har flytta heimefrå eller flytta til utlandet, og vi mistenker at kriminelle har funne informasjonen gjennom sosiale medium, uttalar Fjeldvær til Nettavisen, og legg til at ting tyder på at svindlarane følger med på ofra sine i sosiale medium og konstruerer historiene basert på informasjon dei finn i innlegg og bilde.

– Eg er framleis litt rysta over heile greia, og kjenner det var vanvittig ekkelt å bli utsett for dette. Når det går på ungane blir det så personleg òg, så dette var rett og slett ugreitt, seier Bente Soldal om svindelforsøket i august.

Lensmann Sigurd Børve seier til Kvinnheringen at politiet med jamne mellomrom får meldingar om svindelforsøk, og oppmodar alle til å vera på vakt viss det blir snakk om pengeoverføringar.

– Sjekk heller éin gong for mykje med vedkomande som ber om pengar at det faktisk er han eller ho du trur som står bak, oppmodar Børve.