Verda kom til Halsnøy Kloster

Den vakre opningsmusikken stod godt i stil til utstillinga. Tirill Eirunn Einarsdotter spelte fele, medan faren Einar Steinkopf akkompagnerte.

Den vakre opningsmusikken stod godt i stil til utstillinga. Tirill Eirunn Einarsdotter spelte fele, medan faren Einar Steinkopf akkompagnerte. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

1. pinsedag opna fotoutstillinga «Spådom og skimrande erindring» i Halsnøy Kloster. Den var, som namnet lova, ei oppleving for sansane.

DEL

Fotokunstnarane Jane Fulton Alt frå USA, Gabriela Morawetz frå Polen, Naoyuki Ogino frå Japan, Natan Dvir frå Israel og Zhen Shi frå Kina var alle på kunstnaropphald ved Halsnøy Kloster i fjor, på det som var det 15. artist in residens-opphaldet ved klosteret. Her blei dei inspirerte av dei flotte omgjevnadane og av folk dei trefte, og resultatet blei både variert, spennande og estetisk. 1. pinsedag fekk publikum sjå resultatet, då utstillinga «Spådom og skimrande erindring» opna. I stil med den mystikk-fylte utstillinga, som var spreidd ut over heile klosteret, var det musikalske innslaget ved Tiril Eirunn Einarsdotter på fele, akkompagnert av faren Einar Steinkopf på gitar. Dei to sette verkeleg stemninga, og fekk publikum til å drøyma seg bort til grøne enger og ei svunnen tid. Linda Øen, rådgjevar for kultur og idrett i Kvinnherad kommune, stod for den offisielle opninga.

‒ Verda kjem til Halsnøy Kloster. Her har fotokunstnarane fått læra lokalbefolkninga å kjenna, og dei har fått suga til seg inntrykk her på det ærverdige klosteret. Resultatet er fotokunst av høg kvalitet, var av det Øen sa i opningstalen.

Etterpå fekk publikum gå rundt og sjå på fotokunsten, som til dømes Natan Dvir sin fotoserie av klosterbryggja, teke til forskjellege tidspunkt på døgnet. Motiva er heilt like, men lyset og vêrforholda ulike, noko som gir eit stilig resultat. Stilig er òg Voluspå-fotoserien og den meditative, nesten hypnotiske filmen «Eldrun» av Gabriela Morawetz. Ei som syntest det var ekstra stas å sjå denne videoen, var 14 år gamle Eldrun Frøya Einarsdotter frå Stord. Ho er dotter av Maria Malmsten og Einar Steinkopf, og har vore mykje på klosteret opp gjennom oppveksten. Morawetz meinte Eldrun, med sitt lange lyse hår og alveprinsesse-vesen, passa perfekt som modell i filmen sin, og 14-åringen var ikkje vanskeleg å be.

‒ Det var kjekt å sjå resultatet. Eg synest det har blitt ein fin film, smilte Eldrun.

Etter dei mange sanselege kunstopplevingane var det klart for litt godt for smakssansen òg. Venelaget hadde diska opp med nydelege kaker, som blei nytt over borda inne i klosterkjøkenet- og stova.

Alle som vil sjå den sanselege fotoutstillinga med sjølvsyn må ta seg ein tur til klosteret innan 10. juni.

Artikkeltags