Ber folk førebu seg før stormen kjem

Dette bildet frå Sandvikjo på Halsnøy blei teke i januar i fjor, då stormen "Nina" herja i Kvinnherad. (Foto: Lars Martin Teigen).

Dette bildet frå Sandvikjo på Halsnøy blei teke i januar i fjor, då stormen "Nina" herja i Kvinnherad. (Foto: Lars Martin Teigen).

Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet ber folk bruka timane i føremiddag før ekstremvêret «Tor» slår inn over Kvinnherad, til å sikra lause gjenstandar og båtane sine.

DEL

Fredag ettermiddag og kveld er det venta sørvest sterk storm på kysten i Hordaland, med vindkast på 35–45 meter per sekund inn over land. Det blir høge bølgjer inn mot kysten, med ni til 12 meter høge bølgjer. Ser ein på vêrvarselet til Yr time for time er det mellom klokka 10 og 19 fredag at det blir verst i Kvinnherad, med liten kuling og vindstyrke på opp mot 14 meter per sekund. Storm sitt vêrsvarsel viser opp mot 22 meter per sekund i kasta.

Ber folk vera føre var

I januar i fjor gjorde stormen «Nina» store skader for mange millionar kroner i Kvinnherad. No ber lensmann Jan L. Fosse folk om å vera føre var, og bruka føremiddagen fredag på å sikra lause gjenstandar før ekstremvêret slår inn.

– Sjølv om vêrmeldingane er noko roa ned kan vindretninga snu plutseleg, og det vil truleg komma heftige vindkast som kan gjera stor skade om gjenstandar ikkje er sikra. Folk må gå over eigedomen sin og taua fast ting som trampolinar, hagebord og bosspann, og dei må gjera det no – før stormen kjem. Dei som har båtar og flytebryggjer må sjå over desse at dei er godt nok sikra, og har ein skrøpelege bygg eller bygg under oppføring må ein få snikrar til å sikra desse best mogleg.

Lensmannen vil folk ska førebu seg best mogleg no, i føremiddagstimane før ekstremvêret står på som verst:

– Folk må ikkje bevega seg utandørs og prøva å sikra ting når vinden er som verst, eller bevega seg ved sjøen og ute på bryggjer. Det kan vera farleg.

Lensmannen har framleis ein bunke med skademeldingar som ikkje er ferdigbehandla etter stormen «Nina» i fjor.

– I fjor hagla det inn meldingar til oss om båtar på rek innover fjorden, og vi fekk mange skademeldingar på moloar, kaiar og frå båthamner. Det er ikkje mogleg å sikra seg mot alt, men om alle førebur seg best mogleg kan vi kanskje unngå dei største skadene.

Politiet har ikkje auka bemanninga under stormen, men trur dei skal ha nok beredskap. Lensmannen seier stormen har vore tema på morgonmøtet til politiet, der dei har oversikt over politifolk som ikkje er på vakt, men som kan kallast ut dersom ein treng ekstra innsats.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags