Lekterar og slepebåt sleit seg

(Foto: Karen Anna Kleppe)

(Foto: Karen Anna Kleppe)

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein verkstadhall, eit budstadskip med containerar, fleire lekterar og ein slepebåt sleit seg i vinden, og har reke i land i nærleiken av Sandvoll båthamn. Sjå fleire bilde nedst i saka.

DEL

Uvêret natt til julaftan har ført til at skip, lekterar og båtar som låg i Gravdalsvikjo på Halsnøy har slite seg og reke i land på Sandvoll i nærleiken av båthamna der. Politiet meldte om hendinga på Twitter i 10.30-tida. Brannvesenet rykte ut til staden i morgontimane julaftan for å kontrollera fartøya, og meldte etterpå på Twitter at det ikkje var utslepp eller miljøfare i samband med uhellet. Eigar skal vera på veg med mannskap for å sikra fartøya.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags