Gå til sidens hovedinnhold

«Vaage-maraton» på biblioteket

Vaage-maraton på biblioteket:

Artikkelen er over 2 år gammel

Forfattaren Lars Amund Vaage feirar denne veka 40 år som forfattar. I det høvet arrangerer Kvinnherad bibliotek ei veke med heider og ære.

I desse dagar er det 40 år sidan Lars Amund Vaage debuterte med romanen «Øvelse Kald vinter» i 1979.

For å feira det årelange forfattarskapet har Kvinnherad bibliotek stelt i stand ei veke med «Vaage-maraton».

Frå måndag av har det vore høgtlesing frå alle Vaage sine verk, og onsdag var det ektefellen Hanne Bremness som stod for lesinga. Då var det fleire som la turen innom biblioteket på Husnes.

Fredag er det klart for bokbad og musikkinnslag. Der skal forfattarkollega Anders Totland snakka med Vaage om bøkene hans, som sistnemnde har vunne fleire heiderlege prisar for.

Mellom anna blei han tildelt Brageprisen i 2012 for romanen «Syngja».

Kommentarer til denne saken