Nytt tilbod for innvandrarar i Kvinnherad

Tysdag opna eit heilt nytt tilbod for innvandrarar i Kvinnherad – ein språkkafé.

DEL

Mange innvandrarar treng nokon å snakka norsk med. Norskopplæring er obligatorisk for innvandrarar som kjem til Norge, men det er ikkje alltid like lett å finna nokon å snakka med utanom skuletida.

No er det kome eit nytt tilbod, og tysdag vart det invitert til språkkafé i Kulturhuset på Husnes.

Målet er å arrangera dette annakvar tysdag.

Det er eit tilbod til både innvandrarar og norske, og det er tidlegare lærarar ved Vaksenopplæringa som står bak initiativet.

Vi møtte fire svært så hyggjelege syriske damer rett før kafédørene opna. Dei gledde seg til å få ein møtestad der dei kan prata norsk.

– Det er viktig for oss å læra språket, sa dei fire damene, som alle for tida lærer seg norsk på Vaksenopplæringa.

Dei var alle samde i at norsk ikkje er eit veldig lett språk å læra.

– Dette med verb og substantiv og slik er vanskeleg, slo ei av kvinnene, Rasha, fast.

Dei håpte alle at kafeen blir ein stad der dei får møta norske folk som vil snakka med dei. 10–12 norske personar har meldt seg på og vil delta på kafeane, og ei av dei norske som møtte opp den første gongen var tidlegare lærar ved vaksenopplæringa, Ragnhild Røstbø.

Ho sette seg ned med dei tre eritreiske karane Ibrahim (32), Yohannes (26) og Daniel (19). Aller først oppmoda Ragnhild dei tre om å fortelja om seg sjølve. Ibrahim er busett i Rosendal, er gift og har eit born, men bur åleine i Norge.

– Eg jobba på gard i heimlandet mitt. Mellom anna med å produsera sesamolje. Vi hadde òg mange dyr, som kyr, hestar og kamelar, sa Ibrahim, som òg var fotballdommar i heimlandet. Han har no budd i Norge i tre år.

Yohannes er og gift og har eitt barn. Han bur også åleine i Norge. I Eritrea var han og bonde og dreiv med dyrking av både grønsaker og frukt.

– Eg bur i Rosendal og er no vikar på Coop i Rosendal. Elles har eg seks søsken, der berre yngste bror min bur igjen i heimlandet mitt, dei andre brørne mine bur i Israel, Italia, Etiopia og Sudan, sa Yohannes.

Ragnhild Røstbø lytta interessert til historiene deira, og synest språk-kafeen er eit veldig flott initiativ.

– Eg kjenner eg saknar dei eg møtte gjennom jobben på skulen. Dessutan elskar eg språk og lærer mykje av våre ny landsmenn. Det gjer meg rik å koma ein slik stad, og eg vil koma innom så ofte det passar, sa Røstbø.

Dei tre karane sette òg pris på ein slik møtestad der dei kan treffa norske som dei kan prata med.

– Det er ikkje så lett å få norske vener, og det trur eg handlar mykje om språk. Vi må bli flinkare til å snakka norsk, då blir det lettare for oss i framtida, meinte Ibrahim.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags