Opna nytt senter for reisevaksinasjon og smittevern

FØRSTE DAG: Dei ansvarlege helsesystrene som tar deg vel imot på det nye vaksinasjonssenteret som ligg på Husnes, er Elin Johnsen Eskeland (t.v) og Elin Rita Enæs (t.h). Leiande helsesyster i kommunen, Line Steffensen Holmedal (i midten) var innom på den store opningsdagen onsdag.

FØRSTE DAG: Dei ansvarlege helsesystrene som tar deg vel imot på det nye vaksinasjonssenteret som ligg på Husnes, er Elin Johnsen Eskeland (t.v) og Elin Rita Enæs (t.h). Leiande helsesyster i kommunen, Line Steffensen Holmedal (i midten) var innom på den store opningsdagen onsdag.

Kvinnherad kommune har opna nytt vaksinasjonssenter på Husnes med tilbod til vaksne og barn som skal på reise. Senteret har ope kvar onsdag, og ein må ringa på førehand og bestilla time.

DEL

Denne veka opna eit nytt vaksinasjonssenter på Husnes, og det er her ein i framtida vil få vaksiner knytt til reising og smittevern. Tidlegare har reisevaksinasjonar i kommunen blitt gitt på helsestasjonane på Hatlestrand, i Rosendal, på Halsnøy og Husnes. Det nye senteret vil vera ope kvar onsdag framover, og ein må tinga time på førehand. Sjølve vaksinasjonssenteret ligg på baksida i fagbygget på Husnes, og ein kan nytta parkeringsplassar like ved. På senteret kan ein treffa dei ansvarlege helsesystrene Elin Johnsen Eskeland og Elin Rita Enæs, medan Line Steffensen Holmedal, leiande helsesyster i Kvinnherad kommune, var innom på den store opningsdagen. Dei tre damene er samde i at det er fordelaktig å få samla kompetansen på ein stad, både for å halda eit høgt fagnivå, og for å ha mogeligheita til å spørja fagkyndige kollegaer om råd. Eskeland jobbar til dagleg på Halsnøy og Enæs jobbar i Rosendal, der dei begge tidlegare har vore ansvarleg for vaksinera reisande.

Saka held fram under bildet.

– Det er godt å kunna vera fleire fagkyndige personar som kan bidra til eit auka fagmiljø innan reisevaksinasjon, fortel Eskeland og Enæs, som er dei ansvarlege helsesystrene ein i framtida vil treffe på vaksinasjonssenteret kvar onsdag.

Dei håpar at folk raskt blir vande med det nye opplegget, sjølv om det vil gi ein lengre reiseveg for ein del folk i kommunen.

– Om du skal reisa til Kina, som tar veldig lang tid, har du nok også tid til å reisa den litt kortare vegen til vaksinasjonssenteret på Husnes for å ta dei nødvendige vaksinane, ler Holmedal.

Ver ute i god tid

Dei rådar alle reisande til å vera tidleg ute.

– Om du skal ut og reisa er det viktig å tenkja på vaksinasjon tidleg, då nokre vaksiner må injiserast fleire månader før avreise. Det er heller ikkje alltid vi har alle vaksiner liggjande tilgjengeleg om dei er av den sjeldne sorten, og då kan det fort ta eit par veker å få dei tilsendt frå Folkehelseinstituttet.

Alder og reisemål vil vera avgjerande for kva vaksiner ein bør ta, og utfyllande informasjon kan ein finna på Folkehelseinstituttet sine heimesider.

Revaksinasjon etter ti år

Det er ein del vaksiner som krev oppfrisking kvart tiande år, og ei av desse er kombinasjonsvaksina for difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt.

– Vi hadde eit lite utbrot av kikhoste i kommunen i fjor haust, så det viser kor viktig det er å få revaksinert seg, fortel helsesystrene.

Smittevern krev kompetanse

Eit anna felt som har stor fordel av å bli samla på éin stad, er smittevern. Dette er eit lovpålagt fagfelt i alle kommunar som krev fagkyndig kompetanse.

– Tilflyttarar og flyktningar kjem kanskje frå land med endemisk tuberkulose, og då er det viktig med kunnskap om korleis ein kan oppdaga dette og forhindre vidare smitte, fortel helsesystrene.

Vellukka opningsdag

Første dag i dei nye lokala gjekk som planlagt, og det var mange folk innom. Det ringde godt i telefonen då Kvinnheringen var på besøk, så det tydar på at senteret vil bli mykje brukt framover.

– Ideelt sett hadde vi fått samla alt på Helsesenteret her på Husnes, men det var rett og slett ikkje kontorplass der. Så då vi fekk tildelt plass her i Fagbygget takka vi ja, fortel Holmedal.

– Og vi er ikkje så verst på pris heller, legg Holmedal til.

– Vi driv ikkje senteret for å tena pengar, men for å ha eit tilbod til folk i kommunen, og så lenge det er rom for det er det noko me ynskjer å leggja til rette for.

Om du skulle vera ute for eit uhell og det er lenge til vaksinasjonssenteret opnar – ikkje fortvil.

– Akutte vaksiner som stivkrampe vil sjølvsagt bli gitt på legevakta og hos fastlegen, då denne må bli distribuert innan 72 timar om ein først har vore ute for eit uhell, fortel Holmedal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags