Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.

Helsesøster Line Holmedal bestilte inn 100 dosar til første del av vaksinasjonsprogrammet, og la opp til drop-in vaksinasjon med kølappsystem på helsestasjonen på Husnes og i Rosendal.

Nokre av dei unge kvinnene som nytta seg av tilbodet i denne omgangen var Maria Legland (22) og Ida Legland Andrei (23) frå Uskedalen, og Maylinn Ekeland (25) frå Omvikdalen. Kvinnheringen møtte dei på helsestasjonen på Husnes like før dei skulle inn til vaksinering.

– Det er flott at dei har dette tilbodet. Eg spurte fastlegen min til råds om det var noko for meg, og fekk til svar at det ikkje var noko å lura på, fortel Maylinn.

Etter mykje debatt rundt svineinfluensa har ho hatt ein skepsis til nye vaksiner, og var dermed litt tankefull når ho skulle ta avgjersla om HPV-vaksina.

– Eg trur eg ville ha angra om eg ikkje tok den, held ho fram, og legg til at ho er glad ho er innanfor aldersgruppa som no får denne vaksinen gratis.

– Men kva med dei som er over 25? spør ho, og konkluderer med at det truleg blir for dyrt å gi vaksinen gratis til «alle».

Seksuelt overførbar infeksjon

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009, og det vart hausten 2016 opna opp for gratis vaksinasjon av ikkje-vaksinerte kvinner fødde 1991 og seinare. Vaksinen blir anbefalt til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadiet til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon, og beskyttar mot dei to vanlegste HPV-virusa.

Ida Legland Andrei har dottera si med seg. Ho skal få sjå at det ikkje er farleg med sprøyter.

– Eg har tenkt på å ta denne tidlegare òg, men ein skulle helst ikkje ha debutert seksuelt. No er den anbefalt for alle, og då var eg ikkje i tvil om å ta den, seier Ida.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, og dei fleste vert smitta i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein varig infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft. Ein kan smittast med viruset fleire gonger, og då vil vaksinen kunna beskytta mot framtidig smitte, sjølv om ein har debutert seksuelt. Dersom ein allereie har ein HPV-infeksjon i kroppen når ein får vaksinen vil ikkje vaksineringa kunne påverka utfallet av den.

Maria Legland hadde først ikkje fått med seg at det var eit slikt vaksinasjonsprogram i gang, før kusina hennar Ida ringde.

– No kan vi få gratis vaksine, blir du med? Maria smiler, og er nøgd med å vera på helsestasjonen.

Ho visste ikkje så mykje om vaksinen eller vaksinasjonsprogrammet frå før, men veit at det fins informasjon tilgjengeleg for dei som vil vita meir.

– Ein kan jo lesa om det på internett og det fins brosjyrar ein kan sjå i, så ein finn den informasjonen ein treng og ønskjer, seier ho.

Fokus på førebygging

Dei tre unge kvinnene er samde om at dette er eit viktig tilbod, og dei er takksame for at dei får ta del i programmet. Medan praten går, vert venterommet etterkvart fullt av jenter som skal vaksinerast, og det minkar på kølappane. Etter gjennomført vaksinering kan Line Holmedal fortelja at det var 78 jenter som fekk vaksinen i Kvinnherad i denne omgang.

– Vår evaluering no etterpå er at dette har gått veldig bra, og det er viktig å setja fokus på vaksinering og førebygging, fortel Holmedal.

Av dei som var innom var det ingen som reagerte på vaksinen, og heller ingen som har meldt inn biverknadar.

Vaksinasjonsprogrammet består av tre dosar som skal takast med eit gitt intervall. Dose nummer to skal bli gitt etter minst ein månad, og tredje dose minst fem månadar deretter. Den tredje dosen vil dermed bli gitt i august.

– Vi tar ein ny runde på dette til hausten igjen, slik at dei som ikkje har fått det med seg i denne runden får ein ny sjanse då, legg Holmedal til.

Det vil bli gjennomført på same måte, med bestilling av vaksinering, oppsamlingsdagar ved helsestasjonen og vidare innkalling til dei neste dosane i riktig intervall.

FAKTA

HPV-viruset kan forårsaka ein vedvarande infeksjon som på lang sikt kan utviklast til livmorhalskreft. Vanlegvis vert livmorhalskreft utvikla i løpet av ti til tretti år. I Noreg er det kvart år om lag 3.000 kvinner som må opererast for alvorlege celleforandringar i livmorhal-sen, 300 kvinner som får livmorhalskreft og 70 kvinner som dør av sjukdommen.

Livmorhalsprogrammet er eit tilbod til alle norske kvinner frå 25-års alder om undersøking av livmorhalsen. Gjennom programmet er ein til regelmessig sjekk kvart tredje år, der ein tar celleprøve frå livmorhalsen. Hensikta er å oppdaga kreft eller forstadium til kreft så tidleg som mogleg.

Menn kan også bli smitta med HPV-virus, men er ikkje med i vaksinasjonsprogrammet. Sjølv om dette er eit virus som smittar seksuelt, vil ikkje bruk av kondom gi tilstrekkeleg beskytting, då viruset også kan finnast på huda rundt kjønnsorgana.