Dermed startar arbeidet med å vaksinera dei mellom 75 og 84 år. Det er om lag 900 personar i den aktuelle aldersgruppa.

– Først blir dei på 83 til 84 år ringt, så går ein nedover på lista. Denne ringerunden går òg geografisk. Om du lurer på kvifor naboen har blitt ringt kan det henda det er ei geografisk grense mellom dykk, eller at naboen er eit par år eldre. Er det fleire i husstanden i same aldersgruppe vil ein prøva å ordna slik at ein kan få time for vaksinering samstundes, skriv kommunen.

Vidare ber dei innbyggarane om å vera tolmodige.

– Vaksinasjonen har tatt lengre tid enn først tenkt då kommunen hittil har fått færre vaksinar enn ein vart varsla om. Derfor er det vanskeleg å svara på kor lenge ein må venta. Det varierer kor mange dosar kommunen får om gongen, og informasjon om mengde får vi frå veke til veke. Det er mange som skal vaksinerast og mykje logistikk rundt dette, så det er ikkje høve til å byta time om det ikkje passar – med mindre ein vert sjuk og ikkje kan stilla, står det.