Kva endringar kan du gjera på vallista?

VALLISTER: Du kan ikkje stryka namn, men du kan gi ei ekstra personrøyst (kryss i ruta) til så mange du vil. I kommunevalet kan du også føra opp inntil åtte slengjarar – det er det ikkje høve til i fylkestingsvalet.

VALLISTER: Du kan ikkje stryka namn, men du kan gi ei ekstra personrøyst (kryss i ruta) til så mange du vil. I kommunevalet kan du også føra opp inntil åtte slengjarar – det er det ikkje høve til i fylkestingsvalet.

Mange saknar gleda av å stryka namn på vallista i kommunevalet. Kanskje kjem ordninga tilbake om fire år, men i denne runden kan du berre setja kryss og føra opp slengarar.

DEL

Valgeneral Geir Mogren forklarar meir enn gjerne:

– Du kan ikkje stryka – det er det fleire valperiodar sidan du hadde høve til å gjera. Men du kan setja eit kryss ved sida av eit namn for å gi ei personstemme, og det kan du gjera ved så mange namn du vil. Og i kommunevalet kan du føra opp såkalla slengjarar frå andre lister. Det gjer du nede til høgre (når du brettar ut lista) – der er det plass til inntil åtte slengarar.

Mogren fortel at det er krefter i sving for å få strykinga tilbake, men det kan altså først skje om fire år. Vidare forklarar han om slengarrekneskapen: Fører du til dømes opp éin slengar, svekkjer du lista med 1/35 stemme. (Det er 35 kommunestyrerepresentantar). Er det 35 veljarar som vel same parti, og som samstundes fører opp ein slengar, fører det til at partiet mister éi stemme.

– Men så får alle partia slengarar, og det heile blir rekna ut i ein slengjarrekneskap til slutt. Det er lurt å ha populære personar på lista – Aksel Kloster (Ap) fekk i si tid eit tusentals slengarar, minnest Mogren og legg til:

– Ofte er det Ap og Høgre som har mista stemmer på grunn av slengjarar, medan SF har tent på det.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags