Politikarane var på Øyatun

Det var god stemning blant ordførarkandidatane då dei besøkte Øyatun. F.v. Hans Inge Myrvold (Sp), Kent Are K. Petterson (V), Otto Benjaminson (KrF), Peder Sjo Slettebø (H) og Johnny Håvik (Ap). Ove Lemicka (Frp) var også til stades.

Det var god stemning blant ordførarkandidatane då dei besøkte Øyatun. F.v. Hans Inge Myrvold (Sp), Kent Are K. Petterson (V), Otto Benjaminson (KrF), Peder Sjo Slettebø (H) og Johnny Håvik (Ap). Ove Lemicka (Frp) var også til stades.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag stilte ordførarkandidatane opp på Øyatun ungdomsskule, for å svara på spørsmål som ungdommane er opptekne av.

DEL

Orførarkandidatane fekk høve til å presentera seg sjølv og partiet sitt, før elevane fekk stilla dei spørsmål. Hans Inge Myrvold (Sp), Kent Are Kjørsvik Petterson (V), Otto Benjaminson (Krf), Peder Sjo Slettebø (H), Johnny Håvik (Ap) og Ove Lemicka (Frp) var på plass, men stolen som var sett av til Sosialistisk Fellesliste stod tom. Det synest Tara Wiers Kvamme (13) var synd, ho er nemleg medlem i SV sitt ungdomsparti.

– Det var dumt at ingen frå SF stilte. Men eg syntest debatten var nyttig fordi eg er interessert i politikk, sjølv om vi på ungdomsskulen er for unge til å stemma ved dette kommunevalet, fortalde ho då paneldebatten var over.

Ein som stilte fleire spørsmål til politikarane var Marius Quam (15).

– Dei fekk køyrt seg litt, men eg synest dei klarte seg bra. Eg spurde blant anna om samferdsle, kortast mogleg veg til Stord er viktig for oss unge. Eg spurde også om kva tiltak politikarane vil få til innanfor rusomsorga. Det er eit alvorleg problem, og ein bør prøva å betra situasjonen i Kvinnherad, sa han til Kvinnheringen.

– Kva parti ville fått di stemme om du skulle stemt i dag?

– Eg trur det måtte blitt Høgre eller Senterpartiet. Høgre har mange Halsnøy-saker på agendaen, og Senterpartiet vil behalda bygdeskulane. Det er viktig for meg.

Politikarane fekk elles spørsmål om gratis busstilbod, leksefri skule og kvifor tannlegetenesta ikkje er gratis. Då poengterte politikarane at dette var opp til fylkespolitikarane og stortingspolitikarane, og at lokalpartia må jobba inn mot sine representantar der.

Eit anna spørsmål som kom frå salen, var kva som ville skje med Øyatun og bassenget dersom skulen blei lagt ned.

– Øyatun skal ikkje leggjast ned! Kanskje burde ein i staden sett på korleis skulen kan rustast opp til å ta imot andre skuleelevar? svara Ove Lemicka (Frp).

– Det er nett lagt fram ein skulebruksplan, og eg kan ikkje seia det eine eller det andre før arbeidet med den er ferdig. Men eg er overbevist om at det blir skule på Øyatun også i framtida, svara Otto Benjaminson (Krf).

– Eg vil rosa elevar og foreldre for engasjementet de viser for skulen dykkar. Ap har ikkje eit valløfte om å freda Øyatun, vi må sjå på heilskapen. Det viktigaste for oss er elevane, og kva som er det beste for dykk. Men eg er ganske sikker på at bassenget må bestå, fordi det er eit samfunnsøkonomisk folkehelsetiltak, sa Johnny Håvik (Ap).

Lærarane Johannes Heien og Bjarte Eide meinte ungdommane kunne ha god nytte av ei slik økt.

– Dei har lært om politikk og demokrati i samfunnsfagtimane, og no får dei innblikk i kommunevalet og ulikskapane mellom dei ulike partia. Flott at politikarane tok seg tid til dette!

Artikkeltags