Korleis kan psyken og søvnen bli betre med oransje briller?

BRILLEFIN: Forskar og overlege Tone Henriksen har oppnådd framifrå resultat ved å la pasientar bruka oransje briller.ARKIVFOTO

BRILLEFIN: Forskar og overlege Tone Henriksen har oppnådd framifrå resultat ved å la pasientar bruka oransje briller.ARKIVFOTO

Av
DEL

Overlege Tone Henriksen ved Valen sjukehus forskar på kronoterapi, som er bruk av lys og virtuelt mørke til å behandla søvnvanskar og psykiske symptom. Møt Henriksen og erfaringsmedarbeidar Wenche Evensen på eit ope møte på Kvinnherad bibliotek 19. november. Møtearrangør er Mental Helse Kvinnherad, Kvinnherad kommune, Helse Fonna og Fousam, som er eit fagleg nettverk mellom kommunar, helseføretak og høgskulen på Vestlandet. Ei pressemelding frå arrangørane fortel følgjande om brilleprosjektet:

Lydsensitivitet

Er du sensitiv for lys? Kanskje er det blå lyset ekstra forstyrrande? Då er du ikkje åleine. Forskar og overlege på Valen sjukehus, Tone Henriksen, oppdaga uvanlege resultat ved å ta vekk det blå lyset i behandlinga av pasientar med bipolar sjukdom. Funna blei starten på eit innovasjonsprosjekt som blir lagt merke til i fagmiljøet.

Somme er meir sensitive for blått lys enn andre. At blått lys gjer noko med menneske, har kunstnarar oppdaga for lenge sidan. Geni som Edvard Munch og Vincent van Gogh såg det.

– Det er ikkje rart han blei galen då han såg lyset så sterkt, sa Edvard Munch om Vincent van Gogh. Båe to streva med psykisk sjukdom som var vanskeleg å behandla i deira samtid, for rundt hundre år sidan. Men dei snakka altså alt på den tida om dette lyset som påverka dei så sterkt.

På bakgrunn av eit fåtal studiar som blei gjort på blått lys og søvnpasientar, bestemte Henriksen seg for å gjera eit forsøk med oransje briller i behandling av bipolare pasientar i manisk fase.

Funna er oppsiktsvekkjande. Pasientar som under vanleg behandling viste teikn til betring etter nokre veker, blei kvitt manien i løpet av få dagar.

Dei oransje brillene fjernar det blå lyset frå omgjevnadene. Henriksen fortel at det i auga sit ein celletype som tek imot dette blå lyset, og gir signal til hjernen om at det er dag og som dermed aktiviserer kroppen.

Dersom dette lyset blir fjerna, oppfattar hjernen at det er heilt mørkt, sjølv om det ikkje er det.

Innovasjonsprosjekt

Brillene blei starten på nye prosjekt forbunde med lys. Innovasjonsprosjekta «Aktiv lysregulert akuttpsykiatri» og «Implementering av kronoterapi» har motteke støtte frå Helse Vest, og inneheld både utvida bruk av oransje briller, blåblokkerte rom og lysterapi-rom ved Valen Sjukehus

I Noreg er metoden nytta mange stader og mellom anna tilrådd av beslutningsforum ved Oslo universitetssykehus.

Pasientane Tone Henriksen fortel om har bipolar liding, og var innlagde på Valen sjukehus i ein manisk fase. Som ein del av forskinga si gav ho dei briller med oransje glas. Hypotesen var at oransje briller som blokkar den blå fargen i lyset kunne bidra til å regulera prosessar i hjernen som er kjenslevare for lys. Det stemte.

Rask betring og mindre medisinbruk

– Ved å gå med briller 14 timar i døgeret, har vi sett at pasientar i manisk fase blir markant betre etter berre 5–7 dagar. Dette er pasientar som elles kan vera innlagde i sjukehus i fleire månader utan særleg betring. Bruk av briller kan kraftig redusera medisinbruken.

Det har òg vore stor internasjonal merksemd kring funna i denne studien. Funna har vore omtala i Newsweek og Daily Mail, og ei internasjonal ekspertgruppe i International Society of Bipolar Disorder gav nyleg ei anbefaling om å nytta blåblokkerte briller eller -rom for maniske innlagde pasientar – som del av vanleg behandling.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags