Lunde døydde med den næraste familien rundt seg, 83 år gamal.

Tjerand Lunde var ein bauta på fleire arenaer. Først og fremst som overlege og psykiater på Valen sjukehus i over ein mannsalder (1. sept. 1970 til 31. des. 2006). Idrettsmannen Lunde vart medlem i IL Trio alt i 1949 og var leiar i laget frå 1976 til 2012. Heile tida med eit stort engasjement for barne- og ungdomsidrett.

Lunde var også politisk aktiv og sat i kommunestyret for Senterpartiet.

I 2002 fekk han Kvinnherad kommune sin kulturpris. I 2006 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje.