Basar for Ma'Ma Children Senter

LAGAR MAT: Denne gjengen skal laga filippinsk mat til arrangementet i Valen kyrkje. Bildet er frå Husnesdagane der dei òg selde mat til inntekt for Ma'Ma Children Senter of Norway. (Arkivfoto).

LAGAR MAT: Denne gjengen skal laga filippinsk mat til arrangementet i Valen kyrkje. Bildet er frå Husnesdagane der dei òg selde mat til inntekt for Ma'Ma Children Senter of Norway. (Arkivfoto).

Fredag 28. september er det klart for den årlege basaren i Valen kyrkje til inntekt for hjelpearbeid på Filippinene.

DEL

Ma'Ma Children Senter of Norway, driv barneheim, sjukehus og eldresenter utanfor Manila på Filippinene. Organisasjonen har òg matprogram på søppelhaugar, sponsar skulegang for fattige einskildelevar og driv organiserte fengselsbesøk, fortel Ove Tvedt som brenn for Ma'Ma sitt arbeid.

– Det trengs heile tida pengar til drift og det we Ma'Ma si lokalgruppe i Kvinnherad som arrangerer basaren, opplyser Tvedt.

Som kjent har både Ove Tvedt og kona Grete Tvedt jobba frivillig for Ma'Ma Children Senter på Filippinene ved fleire høve.

– Vi reiser igjen 1. november og blir der til jul. Reisa kostar vi sjølve, berre så det er sagt. 95% av midlane organisasjonen samlar inn går til hjelpearbeidet – den resterande prosenten går berre til lovpålagde oppgåver som rekneskap, revisor og eit informasjonsblad, forsikrar Tvedt.

Han kan òg forsikra at hjelpearbeidet er svært kjærkome blant dei fattigaste av dei fattige.

– Det er eit veldig givande og meiningsfullt arbeid, og folka der nede er utruleg gjestfrie og kjekke å vera blant. Kvar krone kjem godt med og rekk langt.

Basaren kan lokka med flotte gevinstar gitt av rause bedrifter og privatfolk i Kvinnherad.

– Og ei gruppe filippinske kvinner som er busette her i Kvinnherad vil selja filippinsk mat og by på filippinsk song, fortel Tvedt.

Den same kvinnegruppa var òg i aksjon med matsal for Ma'Ma under Husnesdagene.

– Alle som vil er velkomne til basar fredag kveld, helsar Tvedt.

Artikkeltags