Ny basar for Ma Ma Children Center

Salet av lodd i loddbøker har alt føregått ei stund Her er det Ove Tvedt og Liv Kolaas som sel lodd i Husnes Storsenter.foto: merete Lillesand

Salet av lodd i loddbøker har alt føregått ei stund Her er det Ove Tvedt og Liv Kolaas som sel lodd i Husnes Storsenter.foto: merete Lillesand

Fredag 27. september kan du oppleva basargeneral Ove Tvedt i kjend stil når fine vinstar finn nye heimar. Det heile til inntekt for Ma Ma Children Center of Norway.

DEL

Tvedt lokkar elles med informasjon om arbeidet og rimeleg buffé med filippinsk og norsk mat.

– Til og med moltekrem kan du smaka, humrar skøyaren frå Valen.

Loddkjøparar med vinnarlukke bør alt no pønska ut kva kommentarar dei skal kvittera med når basargeneral Tvedt set i gang showet sitt. Det plar vera moro, men sarte sjeler bør nok ta med vener og familie å støtta seg på.

– Vi har fått mange fine gevinstar frå butikkar Kvinnherad og frå private støttespelarar og er svært takksame for det. Forutan loddtrekkinga, vil eg informera om arbeidet til Ma Ma Children Center of Norway, fortel Tvedt, og ønskjer alle interesserte velkomne.

Eit knippe lokale kvinner, både med filippinsk og norsk opphav, lagar til ein buffé med filippinsk og norsk mat.

– Dette blir ei veldig triveleg og sosial stund, garanterer Tvedt. Ma Ma Children Center of Norway, driv barneheim, sjukehus og eldresenter utanfor Manila på Filippinane. Organisasjonen har òg matprogram på søppelhaugar, sponsar skulegang for fattige einskildelevar og driv organiserte fengselsbesøk.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags