Denne maskina aukar produksjonen med 700 kilo

Nor Tekstil si avdeling på Valen får i desse dagar montert ei ny vaskemaskin. Maskina aukar produksjonen med 700 kilo kvar einaste dag

DEL

Den nye vaskemaskina veg 4,7 tonn og vil auka vaskekapasiteten med heile 700 kilo per dag. Driftssjef Roy Arne Jensen fortel i ei pressemelding at investeringa er gjort på bakgrunn av Nor Tekstil sine langsiktige kontraktar og positive resultat, og at ein no kan vaska tekstilar på ein meir miljøvenleg måte. Det er i dag 28 tilsette ved avdeling Valen, som leverer til sjukehus, sjukeheimar og hotell i regionen.


Artikkeltags