«Det måtte ha blitt ein tekst om Valen»

Valebu: Anders Totland. (Arkivfoto).

Valebu: Anders Totland. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Denne teksten av Anders Totland vart først publisert på Facebook-sida hans.

Bergens Tidende har i sommar invitert seks unge forfattarar frå Vestlandet til å skriva om heimstaden sin. No er ikkje eg blant desse seks, men viss eg hadde vore det, veit eg kva eg skulle ha skrive. Det skulle ikkje ha handla om Bømlo – sjølv om det var der eg vaks opp. Og ikkje om Husnes – sjølv om det var der eg møtte både fleire av dei beste venene eg har i dag, og ho som eg er gift med.

Og i alle fall ikkje Bergen, sjølv om det var der eg budde i tida som kokkelærling, og sjølv om eg elskar dagane og timane eg innimellom klarer å snika meg til i byen.

Dersom eg hadde blitt invitert til å skriva noko om heimstaden min, måtte det ha handla om Valen. Ikkje Kvinnherad. Valen.

For eg klarer ikkje lenger å sjå på meg sjølv som bømling, og kvinnhering kjem eg aldri til å bli. Den einaste tilhøyrsla eg kjenner, sånn reint geografisk, er til denne korte stripa med hus mellom fjorden og fjella, som heiter Valen (eller Valo, blant dei innfødde).

Eg veit ikkje heilt kva som gjer det, men dette har liksom blitt min plass i verda. Same kor langt eg reiser vekk, og kor mange turnédøgn det begynner å bli, er det her eg er heime.

Her kan eg rusla ned til stranda for å bada, eller eg kan snøra på meg joggeskoa og springa til fjells – til fjell som aldri tar slutt, men berre veks vidare bakover og over kvarandre, og baki der kan eg jaggu skimta ein isbre.

Her kan eg gå på butikken om morgonen, og Frank eller Nils eller Terje, eller kven det er som har morgonvakta, veit at no er eg tom for kaffi igjen, og det er ingen som synest det er noko som helst rart med at eg ikkje kjøper meir enn ein pose kaffi om gongen, sjølv om alle veit at den maks kan vara ein dag eller to.

Her kan eg gå langs vegen og helsa på alle eg møter, utan å tenka på om det er naboar eller pleiarar eller pasientar, og strengt tatt bryr eg meg ikkje heller, for me helser på dei me møter langs vegen på Valen.

Her kan eg ropa over hekken at grillmaten er klar, og skal me flytta pianoet står det straks ti mann på døra og er klare til å ta eit tak.

Her kan eg sitja på terrassen med ein kopp kaffi og sjå på småbåtane som fresar att og fram på fjorden, med Halsnøy i bakgrunnen, og krana på Kværner, og heilt bakarst, i ein dus blåfarge, ser eg Siggjo.

Og eg kan setja meg i robåten med fiskesnøret mellom beina, eller kajakken, og kjenna det kalde vatnet som dryp for kvar gong eg skyv fram padleåra litt for seint.

Eg kan setja garn med Ragnhild, sjølv om me strengt tatt ikkje får det heilt til.

Så irriterer me oss litt over husa som blir selt til ferieturistar, før me plutseleg oppdagar at me sjølv har hamna på fest med nokon av turistane, og jammen var dei ikkje så verst, dei heller.

Ja, det måtte nok ha blitt ein tekst om Valen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags