– Velkomen til konsert og jubileum i kyrkja

INVITERER TIL FEST: Ove Tvedt vil ha folk med seg på feiringa av kyrkjelydslaget.

INVITERER TIL FEST: Ove Tvedt vil ha folk med seg på feiringa av kyrkjelydslaget. Foto:

Invitasjonen kjem frå Ove Tvedt i Valen kyrkjelydslag. Søndag 20. oktober feirar laget 25 år i Valen kyrkje.

DEL

Ove Tvedt og resten av gjengen i Valen kyrkjelydslag håpar at mange vil vera med på jubileumsmarkeringa, som blir ei raus tilstelling med musikk, mat og gratis deltaking for alle som vil. Frå Stord har dei henta heim låtskrivaren og songaren John-Inge Rolfsnes.

– Rolfsnes er absolutt verd å høyra på. Han lagar musikken sin sjølv. I tekstane tar han opp sentrale trusspørsmål og klarer å formidla desse på ein måte som treffer dei fleste, reklamerer Tvedt om Rolfsnes, som har med seg eigen pianist.

På menyen denne søndagskvelden står òg mat. Velsmakande varmrettar, kaker og kaffi blir servert etter at hovudprogrammet er over. Det kostar ingenting.

– Vi satsar på ei kveldsstund med god stemning. Folk er hjarteleg velkomne til å vera med, helsar Tvedt.

Om bakgrunnen

Eigenleg er kyrkjelydslaget 135 år, men det er berre 25 år sidan laget skifta til dagens namn. Den opphavlege stiftinga skjedde i 1884 under namnet Valen misjonslag. Ny namneendring skjedde på 1920-talet, den gongen til Valen indremisjonsforening, og i 1994 vart namnet igjen bytt. Frå då av har det heitt Valen kyrkjelydslag.

Laget tar seg av det frivillige arbeidet i samband med alt det kristne arbeidet i kyrkja. Særleg gjer laget mykje for barn og ungdom. Det er altså ikkje noko sovande lag som fyller år, nei, her er det full rulle.

– I arbeidet har vi eit knakande godt samarbeid med Kvinnherad kyrkjelege fellesråd, rosar Tvedt.

Artikkeltags