Elevane på Valen skal bruka gevinsten på trampolinepark

HOPPANDE GLADE: Elevane i sjuande klasse på Valen skule er hoppande glade for førsteplassen, og vil bruke pengane på trampolinepark i Bergen.

HOPPANDE GLADE: Elevane i sjuande klasse på Valen skule er hoppande glade for førsteplassen, og vil bruke pengane på trampolinepark i Bergen.

Valen skule vann årets Vis med avis i skulen. Mannen som feira jul med pingvinar var ei av sakene elevane hugsa best.

DEL

– Eg var redd nokon skulle falle av avis-lesinga undervegs, men alle fann noko dei likte og engasjerte seg, seier lærar for sjuande klasse ved Valen skule, Ronny Vågen.

Kvart år arrangerer Avis i skulen Vis med avis, der målet er å fremja lesegleda og samfunnsengasjementet. Arrangementet blir avslutta med ein quiz, og for å vinna den må elevane vera oppdaterte på dei nyaste lokale og nasjonale nyheitene. Den skulen som vinn får ein pengegåve på 1500 kroner.

– Vi skal bruka den på klassetur til Rush, seier alle elevane i kor. Rush er ein trampolinepark i Bergen, som tydelegvis står høgt på lista for sjuandeklassingane.

– Dumt at dei aldri får fri

I quizen får borna spørsmål om lokale hendingar, samt nasjonale. Nokre av årets lokale spørsmål var blant anna kor korøvinga i Uskedal bedehus er på onsdagar, kva lag Roger Blokhus Ekeland spelar for i OBOS-ligaen, og kva fartsgrensa er for moped. Elevane ved Valen skule øvde til quizen ved å lesa VG, sjå på Supernytt, lese aviser i norsk-timane. I tillegg hadde dei lekse kvar dag den siste veka i å lesa avis, for å sikra sigeren. Når dei får spørsmål om det var kjekt får kjem det eit samstemt ja. Og elevane hugsar godt kva dei har lese.

– Eg hugsar godt at det var ein mann som feira jul med pingvinar, seier ein elev om Geir Lægreid Røssland si unike nyttårsfeiring i Antarktis.

– Eller om det skulle vera søndagsopne butikkar, seier ein annan.

Når det gjeld dilemmaet med søndagsope har borna nokre tankar om at det anten burde vera fri for alle, eller at dei kan tilsette kan bytte på å jobba søndagar.

– Det er jo litt dumt om dei ikkje skal få fri på søndagar, seier ein elev.

Elevane fortel at det kjekkaste dei las var mellom anna saka om OBOS-spelaren Blokhus, eller tegneseriestripene. Men om dei vil halda fram med å lesa aviser fast er dei ikkje heilt sikre på.

– Eg leser alltid Kvinnheringen når eg er hos farmor, seier Andreas Eskeland, som heldigvis er ein trufast Kvinnheringen-lesar.

Artikkeltags