Underheldt med kraft

KRAFTENTUSIASTANE: Denne profesjonelle trioen frå NVIM har på grundig vis dokumentert historia til Valen kraftverk. Onsdag fortalte dei om prosjektet på folkemøte i bygda. Frå venstre: Prosjektmedarbeidar Dag Endre Opedal, NVIM-direktør Knut Markhus og prosjektleiar Terje Kollbotn.

KRAFTENTUSIASTANE: Denne profesjonelle trioen frå NVIM har på grundig vis dokumentert historia til Valen kraftverk. Onsdag fortalte dei om prosjektet på folkemøte i bygda. Frå venstre: Prosjektmedarbeidar Dag Endre Opedal, NVIM-direktør Knut Markhus og prosjektleiar Terje Kollbotn.

Artikkelen er over 1 år gammel

Valen kraftverk si 117 år gamle historie er nyleg grundig dokumentert av fagfolk. Onsdag kveld vart dokumentasjonen presentert på eit ope møte på Valen.

DEL

– Noko av det mest fasinerande ved historia er at Valen kraftverk vart bygd for å gi lys og varme til Valen asyl. Av offentlege bygg var det berre slottet og ei kyrkje i Oslo som var tidlegare ute med elektrisk straum. Asylet på Valen var aller først ute av sjukehusa, ikkje berre i Norge, men truleg i heile Norden. Bygda Valen var også den første i Kvinnherad som fekk veglys, så her snakkar vi verkeleg om pionerarbeid, sa prosjektleiar Terje Kollbotn til Kvinnheringen like før møtestart onsdag.

Kolbotn kjem frå Norsk vasskraft- og industrimuseum i Tyssedal (NVIM), som har laga rapporten på oppdrag frå kraftverkseigaren, Hordaland fylkeskommune. Med seg har Kollbotn hatt NVIM-direktør Knut Markhus og prosjektmedarbeidar Dag Endre Opedal. Trioen stakk innom avisa onsdag ettermiddag for å fortelja litt om det store arbeidet som er gjort.

NVIM har laga fleire rapportar frå kraftverk andre stader.

– Valen kraftverk er det minste kraftverket vi har gått nærare etter i saumane, men det høyrer likevel absolutt til dei mest interessante, og kan henda er denne rapporten den mest grundige vi har laga til no, fortalte mennene bak prosjektet, som streka under at Valestiftinga har vore ein særs god medhjelpar i arbeidet med å dokumentera historia.

Digitalt

Rapporten ligg open for alle på nettsida vasskrafta.no/Valen.

Valen kraftverk består av tre kraftstasjonar. Kraftstasjon 1 frå 1910 til 1956, kraftstasjon 2 frå 1939 til 2008 og kraftstasjon 3 frå 2008, og som er den einaste som er i bruk i dag, drifta av Kvinnherad Energi. Presentasjonen på nettet, som tilhøyrarane onsdag fekk ein smakebit av, består av vanlege foto, drone- og helikopterfoto, 360 graders bilde, 3D-modellar og videoar. På video fortel fire tidlegare tilsette frå arbeidet sitt på stasjonane. Desse er Johannes Sætre, Kåre og Rune Thorkildsen og Reidar Handeland. Sistnemnde er leiar i Valestiftinga og pensjonert teknisk sjef ved sjukehuset. 

Attraksjon

NVIM kjem også med tilrådingar til bruk og vern av bygningane. Særleg vert stasjon 1 trekt fram som sjåverdig og med stort potensial som opplevingsarena og attraksjon. Fagfolka rår til at det vert plassert færrast mogleg gjenstandar som ikkje opphavleg høyrer til der. Reidar Handeland er einig i at Valen har eit opplevingspotensial som ikkje er utnytta.

– Då tenkjer eg ikkje berre på kraftstasjonane, men på heile området med dammar, hytter, røyr og turstiar, og dessutan på sjukehusmuseet, seier han.

Også i dag er det mogleg å avtala omvising på kraftverket. Tilbodet er ikkje sett i system, men interesserte kan ta kontakt med Reidar Handeland  for nærare avtale.

Handeland er fornøgd med at 50 møtte på presentasjonsmøte, og svært fornøgd med det arbeidet som NVIM har gjort.

– Dokumentasjonen er laga med moderne hjelpemiddel. Særleg kjekt er det at alt ligg tilgjengeleg for alle på vasskrafta.no/Valen. Formidlinga onsdag vart gjort på ein spennande og lærerik måte som publikum såg ut til å lika godt. Ingen tvil om at dette er fagfolk, rosar leiaren i Valestiftinga.

Artikkeltags