Kraftkrevjande psykiatri

Onsdag kveld (8. nov.) inviterer Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) i Tyssedal og Valestiftinga til ope møte om dokumentasjonsprosjektet «Valen kraftverk» i Velferdsbygget til Valen sjukehus.

DEL

Dette går fram av ei felles pressemelding frå NVIM og Valestiftinga.

NVIM har på oppdrag frå fylket utført eit omfattande arbeid for å dokumentera historia til Valen kraftverk. Resultatet blir presentert i kveld, når direktør Knut Markhus, prosjektleiar Terje Kollbotn og prosjektmedarbeidar Dag Endre Opedal, alle frå NVIM, møter Valestiftinga og alle andre interesserte for å formidla smakebitar frå historia, og tankar om vegen vidare for Valen kraftverk som kulturminne.

Historia til Valen sjukehus og Valen kraftverk heng nøye saman. Som kjent var sjukehuset eitt av dei alle første offentlege bygga – og det første sjukehuset i landet – som vart elektrifisert.

Gjennom arkivarbeid, foto, film, registrering av gjenstandar, bygg og anlegg og andre kulturminne knytt til kraftstasjon 1 frå 1910, og kraftstasjon 2 frå 1939, samt intervju med fleire personar som har jobba i heile kraftanlegget, er denne historia tatt vare på for ettertida. Dette er ei spennande historie

På nettsida vasskrafta.no kan ein finna utdrag av dokumentasjonsmaterialet.

Artikkeltags