Det opplyser statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Grunde Kreken Almeland (V), i ei pressemelding.
– Når skulane startar frå hausten, vil fråværsgrensa gjelda stort sett som normalt. Dette betyr at elevar i vidaregåande skule på vanleg måte må dokumentera fråværet sitt, seier Almeland.
For elevar med milde eller ingen symptom på sjukdom, men som likevel må halda seg heime, kan skulane til dømes vurdera ei ordning der elevane utfører organisert studiearbeid heimefrå etter avtale med faglærar eller rektor, står det å lesa i pressemeldinga, som også fortel at dei ordinære reglane om føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis vil gjelda frå hausten.
Det blir likevel nokre unntak:
– Einskilde elevar som i haust startar på Vg4 påbygging vil parallelt måtta gjennomføra fag- og svenneprøvar som blei utsett i vår. For at desse elevane ikkje skal risikera mykje udokumentert fråvær, tek ein sikte på å innføra unntak for fråværsgrensa for desse elevane, sluttar statssekretæren.

Kommentarer til denne saken