− 17. mai er ein dag som samlar det meste av befolkninga i Noreg til ulike arrangement. Sidan markeringane vil gå føre seg spreidd over heile landet, er det vedteke å sikre ein einskapleg praksis for beredskapen til politiet denne dagen, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.
Ho understrekar at det ikkje er nokon endringar i trusselbiletet i Noreg.
− Sjølv om det ikkje ligg føre ein konkret trussel, vurderer vi betydninga av hurtigheit i responsen frå politiet som viktig for å sikre ein best mogleg beredskap, seier politidirektøren.
Det blir ifølgje Politidirektoratet lagt opp til at væpninga ikkje skal vere meir synleg eller i eit større omfang enn det som blir vurdert som nødvendig.
Innsatspersonell som jobbar i tilknyting til barnetoget vil vere væpna, men det er opp til kvar enkelt politimeister å gjennomføre ei lokal vurdering og prioritering rundt bruken av innsatspersonell i dette arbeidet, heiter det i ei pressemelding frå Politidirektoratet.
