«Må vi på nordsida av kommunen verkeleg betala bompengar på ferja frå Varaldsøy og Gjermundshamn til Årsnes?»

Av
DEL

MEININGARTil politikarar i Kvinnherad:

Eg vil gjerne ha svar på fylgjande spørsmål før eg bestemmer meg kven eg skal stemma på:

«Eg bur på Varaldsøy og vil vita om me på nordsida av kommunen verkeleg skal betala bompengar på ferja frå Varaldsøy og Gjermundshamn til Årsnes?»

Vil òg vita om nokon vil ta vekk eigedomsskatten? Den utgjer ca. 1,5 % av inntekta til kommunen, og kommunen hadde eit overskot på 50 mill. i fjor.

Vidare om det er nokon som utviklar kommunikasjon som er framtidsretta for kommunen mot Bergen og Oslo. Det er bestemt at hovudvegen mellom Oslo og Bergen skal gå over Haukeli.

Mitt forslag er då om ein bruker «linjal» frå Seljord til Bergen, går vegen over Varaldsøy. Tunnel frå Seljestad til Svoldal ca. 30 km og vidare flytebru til Varaldsøy (Åkre), vidare tunnel mot Mundheim under Bondesundet (her er ca. 155 djupt) ca. sju kilometer tunnel og vidare god veg mot Bergen. Ein vil då kunna køyra frå Rosendal til Bergen på under ein time.

Ole Skjelnæs

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags