Oppheva vedtak om pålegg

DEL

VARALDSØY: Fylkesmannen i Vestland har oppheva forvaltningskomiteen sitt vedtak om pålegg som gjaldt eit lagerbygg som vart gjenoppbygd om lag 75 meter nord for ferjekaien Varaldsøy. Pålegga gjaldt mønehøgd, takvinkel, storleik og plassering m.m. Vedtaket i forvaltningskomiteen vart gjort i fjor sommar, men vart klaga inn til Fylkesmannen.

Saka har ei lang forhistorie og både kommunen og Fylkesmannen har behandla saka mange gonger. 7. november i fjor var folk frå Fylkesmannen på synfaring saman med byggeigar og representantar frå kommunen. I Fylkesmannen sitt brev om opphevinga av kommunen sitt vedtak, heiter det mellom anna at ein finn kommunen sitt grunnlag for pålegg noko uklart. Det blir òg etterlyst ei opp-stilling av dei korrekte måla på den nye bygningen. «Vedtak med pålegg om retting er inngripande. Det er difor viktig å sikra at saka vert avgjort på korrekt grunnlag og med utgangspunkt i korrekt faktum. Når fakta i saka er uklåre, kan vi ikkje sjå bort frå at uklårheitene kan ha hatt innverknad på resultatet i saka», skriv Fylkesmannen i brevet.

Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast vidare.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags