Skal halda ope og legga ned

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kommunestyret vedtok i samband med budsjettet følgjande når det gjeld Varaldsøy aldersheim: Drifta av institusjonsplassane ved Varaldsøy Aldersheim vert avslutta. Rådmannen får i oppdrag snarast å leggja fram sak til kommunestyret om alternativ drift av Varaldsøy Aldersheim.

Rådmannen har arbeidd raskt, og alt komande torsdag får kommunestyret ska om aldersheimen på bordet. Her er rådmannen sine vurderingar og forslag til løysing:

1. Varaldsøy Aldersheim vert framleis base for dei tilsette i heimebasert teneste som skal yte teneste til tenestemottakarar på øya. Trongen for teneste vil avgjere kor mange som har base der. Dei tilsette vil vere sikra arbeid fullt ut i andre delar av eininga for Heimetenester Nord.

2. Det vert dag-avdeling/aktivitetsdag minst ein dag i veka. Dette vert i nært samarbeid med sanitetslaget som vil prøve å organisere aktivitetsdagar utover den eine dagen som vert fast.

3. Det vert vaktordning på øya dersom ein kjem fram til ein avtale / ordning som dei tilsette kan akseptere. Dei tilsette seier seg viljug til å delta. Etter framlegg frå saniteten er kommunen viljug til å bruke noko meir midlar enn kr 200.000,- til dette og heller bruke noko mindre på dag-aktivitet. Alle partar meiner dette er akseptabelt. Det er og semje om at denne ordninga skal vere ei prøveordning i 1 år + 1 år. Dvs det skal evaluerast etter 1 år korleis det fungerer, men ein føreset at det skal vere 2 år før det vert vurdert om tilbodet evt. skal leggast ned.

4. Det skal etablerast omsorgsbustader i bygningsmassen ved Varaldsøy Aldersheim. Det er aktuelt med tre omsorgsbustader. Det vert opna for at det kan etablerast slike løysingar frå fyrste dag institusjonen vert lagt ned. Det vert ikkje døgnbemanning i bygninga. Dei som bur der får same tilbod og løysing som andre som bur på øya. Rådmannen tek opp fornying og ombygging av bustadane i samband med vidare handsaming av Bustadpakken for Kvinnherad kommune.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags