Haukanesvegen opnar att

Haukanesvegen på Varaldsøy opnar att i dag, torsdag, klokka 16.00.

DEL

Det fortel Per Inge Naterstad, einingsleiar for park og veg i Kvinnherad kommune. Han seier samstundes at staden er undersøkt etter det kraftige regnvêret natt til torsdag.

– Innbyggjarane er varsla om at vegen opnar att i dag klokka 16.00, seier Natestad til Kvinnheringen torsdag.

Vegen har vore stengt sidan raset i Haukaneslia førre veke, og Kvinnherad kommune sette inn skyssbåt for innbyggjarane fredag.

Artikkeltags